Skisser frå eit liv - utstilling med Eelco Boonstra”*Skisser frå ei liv*” – Eelco Boonstra stiller ut teikningar og akvareller på Askvoll Fjordhotell 23.-24. oktober. Utstillinga inneheld ca 200 bilde, frå Tanzania, Botswana, Nederland og Noreg (Askvoll, men og andre stader). Dette er ei kombinert sals- og visningsutstilling.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Boonstra og Askvoll Folkeakademi. Overskotet av salet går til Leger uten grenser. Askvoll Fjordhotell stiller gratis lokaler begge dagane. Opningstider: Laurdag 23.10.2010 frå kl 13.00 – 18.00. Sundag 24.10.2010 kl 12.00 – 18.00. Program: Opning. Sabina Baylarbayova spelar piano saman med Eelco Boonstra på fløyte. Egil Bovim, som har samarbeidet med Boonstra i Botswana vil si litt om ham. Lene Gjelsvik åpnar utstillinga. Boonstra vil si litt om utstillinga. Det vert servert forfriskningar. Askvoll Fjordhotell sel mat og kaffi. 24.oktober er FN-dagen, og dette høver særs godt i samband med Folkeakademiet sine satsingsområde: ”Se verden i øynene” og ”frå Innvandrar til medborgar”. Lotteri. Gevinst: Flott innramma teikning frå” Gamle Vårdal sin Handelstad” av Eelco Boonstra.
Alle hjarteleg velkomen til Askvoll Fjordhotell desse dagane. Lat ikkje denne unike sjansen gå frå deg til å sjå og nyte ei stor samling av Boonstra sine kunstnerlege arbeid gå frå deg. Arr: Folkeakademiet Askvoll. EttersankingDet har vore ei nydeleg hausthelg, så vedlagt ligg nokre bilder frå Holmedalsfjella i går, og nokre frå Rivedalsfjella i dag.
Sola og månen arm i arm over Staveneset.
Morgonsol over Yndestad i Stongfjorden.
Dalsøkket mellom Fanafjellet og Moldura.
Siklabergvatna og Langevatnet i Holmedal i tillegg til ei mengd kjende fjell i aust. Foto frå Moldura.
Utsikt mot Holmedal og Straumsnes frå Moldura.
Alden og Nyksvatna frå Moldura.
Askvoll og Atløynipa frå Moldura.
Ein kopp kaffi i vindtørka gras med flott utsikt.
Med fast grep i kikkerten på jakt etter sauer. Vi ser Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden og Hovden utanfor Florø, i tillegg til Mjåset og Stavenesodden.
Mot Størdal og Staveneset frå toppen av Størdalen.
Sauer på veg heim til Holmedal.
Haustmorgon i Stongfjorden.
Flekkefjorden frå Smørskornova.
Rivedalskletten og Leite frå d.s. Vårdal Gran PrixSøndag vart Vårdal gran Prix arangert i Vårdal. Sparebanken Sogn og Fjordane og Bygdelaget stod som arangør.Frammøte var ved Vårdal skule og her kunne deltakarane velge hva rute dei ville ta. Sykkeltur frå Vårdal – Holmedal – Ringstad – Vårdal eller gå mot Vårdalsneset og tilbake til Vårdal skule. Ca 50 deltok på arangemanget som vart avslutta med vafler og kaffi og brus til dei minste. Og til slutt vart trekt flotte premier på startnummer.
Miljøsymbol utan utbytte![]() FRAMTIDA FOR NORSK NATUR? Berre 12 prosent av det totale landarealet i Noreg er inngrepsfri natur. Svære vindkraftverk i desse områda er verken optimalt for miljø eller samfunn, skriv Grethe Hillersøy. Her frå vindkraftanlegget på Smøla. MILJØ: Svære vindkraftanlegg er kostbart og kan øydeleggje verdas vakraste kystnatur. Les meir…Orgel og pianokonsert
Konsert i Askvoll kyrkje 21. september klokka 18.00 med konsertpianist Renata Yusupova og konsertorganist Sabina Baylarbayova. Musikarane er på turne i Sunnfjord, og på programmet er musikk av: Billettar: Velkommen! Har du plass til Skimt ?Skimt er ein 25 år gammal nordlandshingst som treng ny stallplass med det første. Han er sprek og vil helst gå ute heile året. Veldig snill og lett å bruke. Kan gå åleine, men føretrekk selskap. For meir informasjon ta kontakt med Ivar Orvedal, Dale i Sfj på 48 19 16 80 eller Skimt på hesteslepp i Snertingdal i sommar
Soppdag med sopptur og soppkontroll søndag 12. septemberSøndag 12. september er det tid for soppsanking! Bli med på soppdag, eller få din eigen sopp kontrollert av godkjente soppkontrollørar om ettermiddagen. Harald Eriksen og Anne Johanne Schei frå Sunnfjord sopp- og nyttevekstforening vert med heile dagen. Vi møtast klokka 13.00 i Grendahuset i Stongfjorden for infomasjon og tips om sopp. Deretter er det tur i Gjerdedalen der vi ser etter sopp og plukkar med oss det vi måtte finne. Ta med korg (gjerne med små plastkoppar i til å halde ulike sopptypar kvar for seg), kniv, børste (smørkosten til kakeforma funkar fint) og niste! Frå ca 16.00 er det soppkontroll og utstilling av sopp i Grendahuset. Denne er open for alle, uansett om du vil vere med på turen først. Dette vert ein kjekk dag for store og små! Vi spanderar kaffi og saft i grendahuset, ta med niste etter behov. Velkommen! Askvoll hagelag, Barnas Turlag Askvoll og Sunnfjord sopp- og nyttevekstforening arrangerar. Meir informasjon om sopp finn du på nyttevekstforeninga sine heimesider.
Nye bilder frå BlegjaPå denne linken finn du bilder frå Blegja på “Kom deg ut dagen” til Den Norske Turistforening 5/9. Turrapport på blogg. Lysbildeframsyning her (store bilder på picasa): Annonse | |||||||||||