Regional plan for vindkraftVindkraftplanen, som no ligg ute til høyring, vurderer kva konfliktpotensial industriområde for vindturbinar har, i forhold til ulike arealinteresser langs kysten av Sogn og Fjordane. For Askvoll sin del ligg vurderingane under punkt 3.4. Mykje av fjella mot aust og nord i Askvoll som Eitrenipa, Gjelsvikefjellet, Portafjellet, Indrevågefjellet, Hekkelfjellet, Moldura, Toreheia etc er klassifiserte på grunnlag av eksisterande informasjon. Fellesnemnaren er at planen uttrykkjer lite til middels konfliktpotensiale ikring verdiar knytt til landskap, kulturminne, landbruk (beite), hekkelokalitetar for kollisjonsutsette artar av fugl, friluftsliv og biologisk mangfald. Sitat frå planen (OBS:8 mb): Regional plan for vindkraft vert å leggje til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande både for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Planen vil vere eit viktig grunnlag for NVE si handsaming av enkeltprosjekt. For innbyggjarane i kommunen, og elles langs kysten, er det no viktig at planen blir supplert med utfyllande opplysningar vedrørande ovannemnde. Både private og lag og organisajonar kan melde inn sine innspel til fylkeskommunen, anten til adressa: Sogn og Fjordane fylkeskommune eller e-post: postmottak.sentraladm@sfj.no
Grafikk:Knut Hjortland Nye turar![]() På bildet ser vi Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa. I framgrunnen ser vi deler av Leknesvatna. Foto G.Skaar Etter ein særs hyggjeleg og sosial dag i Dale lørdag med mykje liv og røre, gjekk turen igjen på Blegja søndagen. Frå Rørvika og Blegja gjekk turen vidare ut på Synste Stauren, vestover Blåegga til Eitrenipa og med retur ned nordskaret til Leknesvatna og Markavatnet i Skjerlia. Dalsfjordsida og Fossedalen vart i dag valt vekk. Heile dette fantastiske området på Askvoll-halvøya blir i framtida mykje lettare tilgjengeleg når Dalsfjordbrua no kjem på plass. Difor er det veldig viktig at ein har dette i bakhovudet når ein skal vurdere framtidig bruk og nytte av dette unike naturområdet. For dei som er interesserte så ligg det tekst og bilder på bloggen min. Her ligg òg videoklipp mot Dalsfjorden frå sørsida av Blegja (som Norman etterlyste) og frå Synste Stauren. Gårsdagen var gjerne ein av dei flottaste dagane i sommar. Ein dag vi kan leve lenge på! Skiftande vèrNokre bilder frå Smørskornova (Rivedal) og Siktanuten (Askvoll) i går kveld 11/8. Skiftande lysforhold gav spanande motiv…
Byge på gang frå sørvest over Leite og Straumsnes ved Dalsfjorden
Det klårnar opp igjen på Smørskornova. Sol over Straumsnes og skodde i Sylvsteinen
Regnboge i Vagstaddalen
Dalsfjorden t.h. og Hundeheia og Heileberget t.v.
Skoddedott over Moldura
Tòrebyge på gang lenger aust. Fristadfjellet t.v. Foto frå Askdalen
Hattar av skodde på Kinn og Batalden. Staveneset fremst
Alden i skiftande lys og vèrforhold Musikalen Fame hadde premiere på Kyrkjebakken i Askvoll fredag.SFJ UNG har eit prosjekt som vert satt opp annenkvart år,der dei unge kan få vise fram sine kreative resurssar og musikal er eit godt verktøy for dette. Dei fleste ungdommane som er med kjem frå alle deler av fylket.
"Ikkje alt skal takast frå fjellet"Redaktøren i “Firda” seier nei til vidare kraftutbyggjing i Skorvavassdraget. ![]() Eigne foto
Frå Blegja. Leknesvatna nest lengst frå.
I nordskaret på Eitrenipa ser Leknesvatna slik ut.
Utløpet av Leknesvatna ved lagunane.
Ved lagunane ser vi Eitrenipa i aust.
Fossen frå Leknesvatna “renn ut av himmelen”…
Haust ved Leknesvatna
Vintermotiv frå Leknesvatna.
Stålis på Leknesvatna. Blegja i bakgrunnen. Alle foto copyright Gustav Skaar Annonse | |||||||||||