Viser arkivet for mai, 2010

Båtturist frå Polen

S/Y Idol

I dag låg det ein kvit anonym båt i gjestehavna i Askvoll.
Dei var frå SWIDNICA i Polen og på veg til Trondheim.
Det var to damer og to karar ombord og dei reklamerte for eit reklamebyrå på båten så det var litt spesielt att den var så “KVIT
Dei likte landskapet dei hadde segla gjennom så langt og såg fram til å sjå meir av Norskekysten.

Morgonkaffi

Folkemøte -kommuneplanen

Kommunen skal utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen, og treng gode innspel frå alle innbyggjarane. Invitasjon til folkemøte torsdag 3. juni kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell.

Meir om dette og planprogrammet finn du på kommunen sine heimesider

Askvoll kommune skal lage samfunnsdelen av kommuneplanen. Tidlegare har kommunen utarbeidd eit planprogram, som seier kva tema ein skal sjå på, og korleis ein skal gjennomføre planarbeidet.

No er det tid for å lage sjølve kommuneplanen. Kva vil vi med kommunen i framtida? Kva skal vi satse på?

Tidspunktet er vald for at folk frå heile kommunen, òg øyane, skal kunne vere med. Det vert gratis skyssbåt ut til Værlandet/Bulandet etter møtet.

På møtet vil alle velforeiningane i kommunen presentere utfordringar og framtidsønske dei har for bygda si. Kommunen vil ha ei kort innleiing med informasjon om kva ein kommuneplan er. Vi håpar innlegga frå velforeiningane vil få fart på tankane og idéane, slik at vi får ein god debatt med mange konstruktive innspel.

Dalsfjordsambandet lagt ut på anbod

Dalsfjordbrua vil gå over fjorden frå Nishamaren til Otterstein. Dale i bakgrunnen.

Statens Vegvesen har i dag lagt ut anleggs- og bygningsarbeidet på Dalsfjordsambandet på anbod.

Opning av kunstgrasbane i Askvoll

Flott uteområde med sklie, ballbinge og leikeapparat

Nokre bilder frå opninga av den flotte kunstgrasbana 2.Pinsedag…

Banksjef Dalsøren med sjekk frå banken

Flagget til topps for eit flott stadium

Avduking av andelstavle

Representantar for kretsen, klubben, ordførar og banken

Yrande aktivitet

Flott uteområde med sklie, ballbinge og leikeapparat

Sosialisering på ein nydeleg dag i kystkommunen

Nokre tilhøyrarar

Blid jente på ein flott 2. Pinsedag

Ordføraren har ordet

Bana er i perfekt stand

Nye fotballar og gratulasjonar frå fotballkretsen

P1150046

Høgtideleg overrekking av gåve frå banken

Blomar til viktige bidragsytarar

Barnas dag og planteloppemarked med hagelaget

Onsdag 26. mai er det barnas dag i urtetunet hos Borgny. Laurdag 29. mai er det planteloppemarked ved Coopen frå 10.00-13.00. Les meir om aktivitetane på Askvoll hagelag

Velkomen til opning av Askvoll kunstgrasbane 24.mai

I samband med at Askvoll/Holmedal IL skal arrangere
miniputturnering måndag 24.mai, vert det offisiell opning av kunst-grasbana ved ordførar Aud Kari Steinsland.

Kunstgrasgruppa ynskjer å invitere alle som har støtta prosjektet, då spesielt sponsorar, idrettslaget, andelseigarar, entreprenørar, kommuneleiing, alle som har gjort dugnad og elles små og store til opningsfest måndag 24.mai kl. 13.00.

Det vert avduking av Andelstavla med oversikt over alle ”eigarane” av bana.
Vel møtt!

Kunstgrasgruppa

17.mai i Askvoll

Slik vert årets 17.mai i Askvoll:

PROGRAM FOR DAGEN

07.00 Salutt

**11.00 Gudsteneste ved Ovar Sandaker på Kyrkjebakken

11.45 Folketog*
Toget startar frå Kyrkjebakken og går til og gjennom
Askvollheimen. Toget held fram til bautaen til Anders Askevold. Her legg elevar frå 3. og 7.klasse ned krans og blomar på grava til dei falne på kyrkjegarden.
Askvoll Musikklag spelar. Toget går vidare Øvregata, ned Apotekarbakken og til sentrum.
Folketoget vert avslutta

15.30 Underhaldning på Askvollheimen
Ord for dagen av Liv Marie Hjelmeng og song av Anniken Gjørøy

15.00 Leikar og aktivitetar på kyrkjebakken *

16.00 Folkefest på Kyrkjebakken
Programleiar: Øystein Endestad
Allsong: Ja, vi elsker dette landet
Tale for dagen v/Tor Egil Furevikstrand
Song: Gabriela Husabø og Sverre Sandvik
Song: Anniken Gjørøy
Allsong: No livnar det i lundar
Leikar for born
Kaffipause
Lynlotteri
Premieutdeling og trekking i lotteriet
Song av barneskulen
Allsong: Fagert er landet

Dersom dårleg vær blir arrangementet flytta til kyrkja og Askvollhallen
17.maiprogrammet finn du på butikkane i Askvoll sentrum

Årets 17.maikomitè er foreldre og elevar i 3. og 7.klasse

Padlekurs for ungdom i Askvoll

Askvoll padleklubb gjentek suksessen frå i fjor og inviterar ungdom frå 13- 18 år til gratis grunnkurs. Meir informasjon her: Padlekurs I Askvoll for ungdom

- Hadde ikkje tvilt om eg var ti år yngre

Anne Grete Tefre Hammersland og Olav Hammersland har drive hotell i Askvoll i fem år. No legg dei hotellet ut for sal.

Film om Stongfjorden

Her er ein film som er interessant for alle som har tilknyting til Stongfjorden,

filmen er frå 1948. Den viser bedrifter og daglig livet.

.Den er redigert og tilsett lyd av Kjell Eikemo . Kommentar Even Vie.

Filmen finn dåke

Her

Stongfjord