Viser arkivet for mars, 2010

Nytt bannerbilde neste vinter

Askvoll vil få eit nytt ansikt mot fjorden om ikkje lenge, for Askvoll kommune har lyst ut Riving av gamalt bustadhus på Øyra i Askvoll
Askvoll kommune ynskjer tilbod på riving av eit gamalt bustadhus som ligg ved friområde/badeplassen på Øyra ved Askvoll sentrum.

Frist for å komme med tilbod er 19.04.10.

Huset er truleg bygt på byrjinga av 1900-tallet. Det har ei grunnflate på ca 49 m2, kjellar, hovudetasje, loftsetasje og tørkeløft. Huset er oppført i “tømmer” med utvendig kledning, skifertak og pussa teglsteinsmur som grunnmur. Hus og grunnmur skal fjernast og byggegropa fyllast att. Det skal leggast eit toppdekke av jord som skal tilsåast. Området skal tilretteleggast slik at det vert lett å halde vedlike/slå.

Tilbodsgrunnlag og synfaring av rivingsobjektet får tilbydar ved å vende seg til Askvoll kommune, teknisk kontor. Komplett tilbod basert på tilbodsgrunnlag og synfaring av rivingsobjektet må vere Askvoll kommune i hende innan 19.04.2010

Strikkekafè

Onsdag 24. mars lagar vi igjen til strikkekafè på Husflidsbua. Vi startar som vanleg opp kl 19.00. Ta med handarbeid og godt humør. Velkommen skal du vere!

Gjøa klar for havet

Lysa frå Transocean Searcher som borar brønnar på Gjøa-feltet t.h. Foto frå Toreheia i Stongfjorden 3/2

Skjærtorsdag skal Gjøa-plattforma vere klar for innsats på havet rett vest av Alden.

Les her

Vår geologiske nasjonalarv

Snart startar avstemminga på kva som skal være vårt nasjonale geologisk monument.
Når avstemminga startar må vi alle stemme på Brurastakken på Atløy`na
Då kjem kanskje brua og.
Sjå meir "HER"http://atloy.origo.no/-/bulletin/show/550343_brurastakken-som-geologisk-nasjonalmonument

Toreheia 717 moh

Sola går ned nord om Staveneset.

Oppdatert 14/3. Nye spor frå Yndestad i Stongfjorden på Toreheia. Foto 3/3.

Bakkane vest om Krikavatnet

Toreheia t.v. frå Krikavatnet

Hytta står i “flammar”

Siste stigninga mot toppen

Det mørknar etter solnedgang. Foto frå toppen