Viser arkivet for februar, 2010

Strikkekafè

Onsdag 03.03 møtes vi igjen til strikkekafè på Husflidsbua kl. 19.00 – 22.00. Ta med pinnar og godt humør, kaffi vert å få.
Minner også om årsmøte i Askvoll Husflid- og Handverklag måndag 01.03. kl 18.30.

Gamalt og Nytt i Askvoll!

Skanska held på med nye ferjekaiar i Askvoll. Dette er eit stort arbeid med kai for 2 ferjer paralellt.
Ein byrjar å sjå festa for ferjelemmane. Den eine er på plass og den andre heng i kranen. I løpet av neste mnd skal vistnok arbeidet vere klart til å takast ibruk.

Større anlegg på gong i Askvoll !

Det skjer i Askvoll.

Kysteigedom A/S har no 3 butikkar under same tak ! Rekneskapskontor er i full gang i 2. høgda.
6 Leiligheiter er komne godt igong. Berre 3 er ledige.

Flott turmål

Det er eit godt gamalt uttrykk som heiter i “manns minne”. Dette kan vi nok bruke om vinteren i år. Vi har vel ikkje hatt det så kaldt i manns minne, så lite regn i manns minne, eller at snøen har lege så lenge på marka i eitt i manns minne… Mange er sikkert lei både vinter, snø og kulde, men det er likevel eit faktum at det gledar andre. Våren og tid for båtpuss kjem alltid, og vèret er det som kjent ingen som kan gjere noko med. Syte og klage kan ein ha som hobby, men egentleg er det bortkasta energi. Resultatet er som regel at ein får igjen akkurat det same sjølv, og helst i endå større doser enn det ein gav frå seg…

Skisalet har eksplodert denne vinteren. Dei minste som knapt har visst kva snø har vore for noko, har fått herje på i bakkar og i løyper. Og faktisk fått høve til å lære seg å på ski. Det er fantastisk flott det arbeidet som har vore gjort mesd skiløyper i Rivedal. Dette er helsebringande. Det er sosialt, og det er triveleg. Klart at ungane likar dette. Men det viktigaste er kanskje at foreldra òg blir dregne ut… I mange høve er det dei som har mest bruk for mosjonen.

Denne veka er det vinterferie for skulane. Eg var heldig og fekk meg ein fantastisk flott dag i går med katen min (legg ved nokre bilete). For dei som ynskjer å kome seg på ski litt opp i høgda, er det fint å gå på ski på nordsida av Stongfjorden. Området høver ypparleg for liten og stor. Det er oversikteleg og fint å ta seg fram. Her er det sol heile dagen, og meldingane er bra framover. Du startar på Yndestad og går berre opp skogsvegen her. Underteikna har merka godt heile vegen opp med vardar og stenger (stengene blir tekne ned etter påske).

Toreheia, som er 717 moh og høgste fjellet på nordsida av fjorden, er med på fjelltrimmen denne sesongen. Om du ikkje ynskjer å gå heilt opp, er det likevel mange nydelege plassar og raste på lenger nede i lendet.

God tur!

Enden av skogsvegen

Ved Rindaelva. Skålefjellet og Svarthamrane i bakgrunnen

Rinda med Stongfjorden bak. I synsranda Blegja og Skålefjellet t.h.

Flott skiterreng ovanfor Rinda. Hytta til Harald S. mot høgre

Litt lyng stikk opp. Eidsfjorden og ut Stongfjorden i øvre kant. Stavenesodden t.h..

Trøtt, men stolt gut på toppen

Utsikt til havs — F.v Skylefjellet, i midten Askrova, bak t.v Kinn, Reksta og Skorpa

Sol i bakkar på heimtur

Stein i hagen

Måndag 8. mars er det stein i hagen som er tema. Møt opp i Askvoll samfunnshus klokka 20.00! Benjamin Rock frå Rock hagedesign i Lærdal har foredrag. Kaffi og mat – og loddtrekking på inngangsbillett. Pris kr 120,- (medlemmar i hagelaget kr 100,-)

Benjamin har 12 år erfaring som anleggsgartnar. Foredraget vil innehalde:

Bruk av ulike typer stein
Granitt, skifer, sandstein, kalkstein, marmor, kleberstein, …

Steintyper til belegg
Skifer, heller, belegningsstein, gatestein,

Grunnarbeid

  • Fundamentering
  • Setting
  • Fall
  • Drenering
  • Overganger
  • Mønster

Tørrmur, Støttemur, Trapp

Bearbeiding og flytting av stein
deling og hogging av stein og skifer

Det faglege innhaldet går over ca 2 timar med kaffipause i midten og loddtrekking til slutt.

Benjamin Rock er med i Hageselskapets sitt tilbud om hageplanlegging. Det vil seie at du kan få ei førsteskisse for hagen for kr. 2 400,- . Dersom nokon er interessert i hageplanlegging/skisser kan de gjere avtale om dette. Sjå heimesida www.gartneren.no

Velkommen til ein interessant kveld i Askvoll samfunnshus! Sjå meir på Askvoll hagelag

Benjamin Rock — har 12 års erfaring som anleggsgartnar og driv Rock hagedesign i Lærdal.

Har du lyst å vere med i Husflidslaget?

Er du ei kreativ sjel som er interessert i handarbeid, eller andre typar handverk? Eller tykkjer du det er kjekt å berre møtast over ein kaffikopp og vere med på å skape litt aktivitet i Askvoll? Uansett: Vi inviterer deg til å bli medlem i Askvoll Husflid- og Handverklag. Laget vårt har medlemmar frå dei fleste bygdene i kommunen. Husflidsbua, som vi driv på dugnad, er allerede tre år til sommaren og her kan ein kjøpe ulike husflids- og handverksprodukt. Elles arrangerar vi julemarknad i november kvart år og strikkekafèar med jamne mellomrom.
Høyrest dette kjekt ut, er du hjarteleg velkommen som medlem i laget vårt!

Askvoll Husflid- og Handverklag skipar til årsmøte på Husflidsbua måndag 1. mars kl 18.30.

Årsmøtesaker:
1 Godkjenning av innkalling og sakliste
2 Val av møteleiar
3 Val av to medlemmer til å skrive under møteboka
4 Årsmelding
5 Rekneskap
6 Godgjersle til styret
7 Val

Medlemskontigenten er kr. 100 og må vere innbetalt innan årsmøtet for at du som medlem skal ha stemmerett. Kontonummeret vårt er: 3740 14 15069 i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Velkommen til årsmøte!

Mvh Styret

Vinterglede

Det er flotte skitilhøve ved Nipebu om dagen. Legg ved nokre foto frå 13/2.

P1110987

P1120017

P1120021

P1120035

P1120042

Folkemøte i Stongfjorden

Sjå annonse i Firda og under denne teksten.

Turstiprosjekt i Kystarven

No skal det plukkast 20 turstiar i Askvoll kommune til fellesprosjektet i Kystarven i HAFS. Kommunen er avhengig av lokale lag og organisasjonar som vil ta ansvar for tilrettelegging og drift.

Desse stiane vert med på regionalt turkart, i framtidig turbok og i generell marknadsføring av området. Er du interessert i å vere med på dette? Ta kontakt med ditt lokale idrettslag eller velforeininga om du har gode idear.

Eksisterande stiar kan rustast opp, så det er ikkje snakk å rydde stiar frå botnen.

Informasjon og planleggingsmøte på Askvoll Sjøbuer 3. mars.

Sjå meir informasjon på kommunen sine heimesider: www.askvoll.kommune.no

Idrettslaga i Askvoll på tur i Nordsjøløypa på Værlandet

Hydrogensulfid-sjetlukt

2. VIKTIGSTE FAREMOMENTER
Klassifisering : Kreftfremkallende, kategori 2.
Miljøskadelig.
Helsefare : Hydrogensufid er veldig giftig og kan være fatalt hvis det
inhaleres

Hydrogensulfid (H2S) er en ekstremt lettantennelig og giftig
gass, og andre farlige damper kan utvikles og samle seg i
luftrommet i oppbevaringstanker, transport- og andre lukkede
beholdere.
Kan dempe luktesansen, så man skal ikke være avhengig av
lukt som en indikasjon på fare.
Gjentatt eksponering kan gi tørr eller sprukken hud. Langvarig
eller gjentatt kontakt uten grundig rengjøring kan
tilstoppeporene i huden og føre til hudproblemer som oljeakne
og follikulitt. Kan forårsake kreft.
Tegn og symptomer : H2S har en rekke effekter avhengig av den luftbårne
konsentrasjonen og eksponeringstid: 0,02 ppm luktterskel, lukt
av råtne egg; 10 ppm, irritasjon i øyne og luftveier; 100 ppm,
hoste, hodepine, svimmelhet, kvalme, irritasjon i øyne, tap av
luktesans i løpet av minutter; 200 ppmmulighet for lungeødem
etter >20-30 minutter; 500 ppm, tap av bevissthet etter
kortvarig eksponering, mulighet for åndedrettsstans; >1000
ppm, umiddebart tap av bevissthet, kan forårsake dødsfall,
rask kardiopulmonal gjenopplivning kan være nødvendig. Ikke
vær avhengig av luktesans for oppdagelse. H2S forårsaker
rask olfaktorisk trøtthet (svekker luktesansen). Det foreligger
ikke bevis på at H2S samles i kroppsvev etter gjentatt
eksponering. Tegn og symptomer på akne/folliculitis kan
omfatte svarte byller og flekker på huden i det eksponerte
området. Tegn og symptomer på avfettingsdermatitt kan
omfatte en brennende følelse og/eller tørr/sprukket hud.
Sikkerhetsfarer : Ikke klassifisert som brannfarlig, men vil brenne. Brannfarlig
damp kan være til stede også ved temperaturer under
flammepunktet. Produktet må derfor behandles som en
potensiell brennbar væske. Kan antenne på overflater med
temperaturer som ligger over selvantennelsespunktet. Det kan
genereres elektrostatisk ladning under pumping. Elektrostatisk
utladning kan forårsake brann.
Miljøfarer : Skadelig for vannlevende organismer, kan forårsake uønskede
langtidsvirkninger i vannmiljøet.
Ytterligere informasjon : Dette produktet må kun anvendes i lukkede systemer.

Mobildekning

Sjekk ny sone for Rivedal om betre mobildekning i Askvoll