Førjulsbilder frå fjelletNokre bilder frå Gjelsvikefjellet 18/12 og Middagsnipa 19/12. Laurdagen var det frisk vind i høgda, men elles var det to nydelege vinterdagar i fjellet. Du kan lese om førjulsturane på bloggen min. Der ligg det òg fotoseriar. Les meir…Status Kyllaren desember 2010Kommunen har engasjert NIVA til eit forprosjekt med målsetting om å byggje ut tiltak for å fjerne luktproblema frå Kyllaren. NIVA er i gang med prøvetaking og utgreiingar. Lyssetting av DalsfjordbruaEin registrerer at det no ligg inne forslag om å lyssette Dalsfjordbrua med blinkande lys i mange fargar. Forslaget har gått m.a til Askvoll og Fjaler kommunar og Statens Vegvesen med kopi til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Bildande Kunstnarar i Sogn og Fjordane og Nordisk Kunstnarsenter. Sitat frå forslaget: “Ved hjelp av mange lyspunkt, LED-lamper, opphengt i sjølve brua, brutårna, oppheng og kablar, vil ein kunne lyssetje brua mellom Nishammaren og Ottersteinen. Viss ein nyttar lamper i fleire fargar og eit dataprogrammert styringsprogram, vil ein kunne la fargane gli over i kvarandre, minke og auke i styrke osb. Ein vil med andre ord kunne lage eit “lysshow” som kan gå over kortare eller lengre tid. Liknande “lysshow” er installert på bruer i andre land, m.a. i Kina, og denne er å sjå på nettet". Annonse | |||||||||||