Viser arkivet for oktober, 2009

Stormsamlinga på Bulandet

Stormsamlinga 2009 gjekk av stabelen i helga. Strålande sol og flotte forhold for padling på laurdagen. Over 100 tilreisande kom til Bulandet denne helga for å vere med på denne populære tilstelninga.

Her er ein video frå laurdagen:

Fleire bilete frå dagane her

JULEMARKNAD 28.NOVEMBER

Tradisjonen tru skipar Askvoll Husflids- og Handverkslag til julemarknad i Askvoll Samfunnshus den siste helga i november, altså den 28.11. Mange utstillarar pleier å ta turen til Askvoll denne laurdagen, og vi har hatt gleda av å vise fram mykje flott handverk. Vi vonar du vil setje av denne laurdagen til eit besøk på marknaden vår, anten for å handle unike julegåver, eller rett og slett for å ta ein pust i bakken og ein kaffitår i kafeen vår. Marknaden er open mellom 10.00 og 16.00.
Velkommen!

Ps: Kunne du, eller nokon du kjenner, tenkje seg å ha ein stand på marknaden? Ta kontakt med Henny for meir informasjon.

Trygg på sjøen med båtførarbevis

Hjelpekorpset i Askvoll Røde Kors vil at båtbrukarar i Askvoll skal få ta båtførarprøva. Tysdag 13. oktober kl.18.00 startar kurset på Askvoll skule. Det vil gå over 6 kveldar med avsluttande skriftleg prøve. Deltakarane får kurset rimeleg , 800 kr for læremateriell og prøve. Interessa er stor, så ver rask med å melde deg på til Aud i hjelpekorpsest tlf. 95028081. Frå 1. mai 2010 må alle fødd 1980 eller seinare ha prøven om dei vil føre fritidsbåt over 8 m, eller båt med motor over 25 hk. Du kan ta prøver før fylte 16 år, men båtførarbeviset vert ikkje skrive ut før fylt 16 år. Skjergarden i Askvoll er flott å oppleve og krevande å navigere i. Tenk sjøvett og bruk vintertida til å førebu ny båtsesong.