Bokslepp bind II av den nye bygdeboka

Laurdag 29. oktober kl. 14.00 er det bokslepp på Askvoll fjordhotell for den nye bind II av “Havfolk og fjordfolk”, som tek for seg utviklinga av Askvollsamfunnet frå 1860-åra og fram til notida. Her kan du blant anna lese om den store kaistriden i Askvoll i 1950-åra, oppturar og nedturar i sildefisket med dramatiske konsekvensar, om krigen og kampen mellom NS-ordføraren og motstandsrørsla og mykje mykje meir. Forfattaren vil presentere boka, og det blir enkel servering. Alle er hjarteleg velkomne.

Sørværet naturreservat

Melding om arbeid med forvaltingsplan for Sørværet naturreservat i
Askvoll kommune

Fylkesmannen ønskjer innan 10. oktober innspel til utarbeiding av forvaltingsplan for Sørværet naturreservat. Arbeidet med forvaltingsspørsmål – og sjølve forvaltingsplanen – for dette området er i røynda alt i gang, med koplingar både til Norsk sjøfuglsenter på Værlandet,og til verdiskapingsprosjektet Kystarven. For å kunne sende eit best mogleg framlegg på høyring i oktober, vil Fylkesmannen gjerne ha bidrag frå alle som har noko å kome med, og få kommentarar til korleis vi pr. i dag tenkjer om ulike tema.

Les:http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011006459&dokid=74895&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

Medlemsmøte i Askvoll Ap

Tid:Torsdag 29. sept. kl 18.00
Stad: Askvoll rådhus (på kaia)

Saker:
Konstituering av ny kommunestyregruppe.
Kommunestyresaker.

Fylkessekretær Monica Oppedal deltek på møtet.
Nytt høvet til å helse på henne.

Vel møtt til viktig møte!

28.09.2011
Venke Nordeide

No startar arbeidet på Dalsfjordbrua!

Søndag kom ein stor båt inn Dalsfjorden med utstyr som skal brukast i samband med byggjng av brutårna til Dalsfjordbrua.
Det er det tyske firmaet Bilfinger Berger som har kontrakten på betongarbeidet, den nest største kontrakten på Dalsfjordsambandet.
Les meir på Firda.no.

Valgteknisk samarbeid = politisk samarbeid

I nettavisen i Firda kan en lese at Høyre, Ap og SP har inngått et valgteknisk samarbeid og således fordelt ordførerrollen, varaordfører rollen og andre sentrale politiske verv seg i mellom.

Gjennom politiske posisjoner gir disse partiene hverandre økt makt og innflytelse til å få gjennomslag for sine politiske saker. Med andre ord, valgteknisk samarbeid = politisk samarbeid.

Jeg håper politikerne nå er ærlige nok til å innrømme valgteknisk samarbeid også er et politisk samarbeid og kommuniserer dette til velgerne som nylig har vist de tillitt gjennom valget 12. september.

God start for viltmottaket i Holmedal

Kjell Kristian Carlsen har hendene fulle med hjort om dagen, så langt er det levert 18 dyr til anlegget i Holmedal. Responsen fra jegere og grunneiere er enda bedre en hva vi turde håpe på. La oss håpe dette fortsetter videre utover i jaktsesongen.

Vil minne om at utover kjøp av dyr for videresalg så tilbyr Kjell Kristian også bearbeiding av hjort for så å levere kjøttet tilbake til jeger/grunneier. Dette er et tilbud som åpenbart er godt likt, mange jegere har allerede benyttet seg av dette tibudet.

For kr 20,- + mva (kr 25,- inkl. mva) pr kilo slaktevekt tilbys følgende tjeneste:
Vi flår dyret
Kjøttet mørnes
Skrotten finparteres, kjøttdeig kvernes
Vakumpakker og merker kjøttet før det leveres tilbake til jeger/grunneier.

Uansett om du ønsker å selge hjorten, eller få den foredlet og levert tilbake så er Kjell Kristian tydelig på at alle dyr skal leveres med skinnet på.

Kjell Kristian treffes på tlf 97121427 eller på e-post kjell.kr.carlsen@online.no og er tilgjengelig også nå i helgen…

Viltmottaket i Holmedal

Kjell Kristian Carlsen er godt i gang på viltmottaket i Holmedal.

I løpet av de første dagene på viltmottaket i Holmedal er det mottat 12 dyr, dette er en god start. Utover arbeidet med dyra har dagene gått med til noen tekniske forbedringer og nå fungerer anlegget godt.

Utover kjøp av dyr for videresalg så tilbyr Kjell Kristian også bearbeiding av hjort for så å levere kjøttet tilbake til jeger/grunneier.

For kr 20,- + mva (kr 25,- inkl. mva) pr kilo slaktevekt tilbys følgende tjeneste:
Vi flår dyret
Kjøttet mørnes
Skrotten finparteres, kjøttdeig kvernes
Vakumpakker og merker kjøttet før det leveres tilbake til jeger/grunneier.

Håper dette er en tjeneste som vil falle i smak.

Kjell Kristian treffes på tlf 97121427 eller på e-post kjell.kr.carlsen@online.no

Utbytte frå SFE for 2010

Generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Energi AS godkjende 17.06.2011 årsoppgjeret for 2010, og gjorde vedtak om utbetaling av utbytte på til saman kr 90.010.598,- tilsvarande kr 12,17 pr. aksje.

Askvoll kommune får utbetalt kr 1.293.549,- Sjå vedlagde tabell.

Les http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005895&dokid=74251&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Sunnfjord Energi kjøper fallrettar

Heimel til fallrettar i Stakaldefossen, Nedre Svultingen og øvre Svultingen, tilbod.

Les: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005812&dokid=74136&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Siste salve i tunnelen

Alt sprengingsarbeid på Dale-sida av Dalsfjordsambandet unnagjort.

Onsdag vart siste salve sprengd i Nishammar-tunnelen i Dale. Gratulasjonar på steinrøysa markerte gjennomslaget i tunnelen på Dale-sida av Dalsfjordsambandet.

Les her

Helikopterløyve i Skorva

Sogn og Fjordane Energi (SFE) søkjer om løyve til helikoptertransport i høve sluttsynfaring av ei eventuell kraftverkutbygging i Skorva. Flyginga vil finne stad 7/9 frå klokka 09 med tur/retur Nedre Leknesvatn. Det er NVE som ynskjer dette.

Nedre Leknesvatn med Blegja og Eitrenipa i bakgrunnen. Foto G.Skaar

Les meir…

Dans for alle. Velkommen!

Dans kvar torsdag.

Ervin Liz på facebook: “hello we are back when are we going to have gammal dance again?”

Every Thursday 20.00. Good to see you back!!
And you will bring many new dancers to Gammaldans?

yes sure that’s why i asked i’m excited to see u all

Det er rett. 1. september startar Torsdagsdansen opp att etter sommarferie. Du har ei veke på å komme i form. Først i Dale, Trudvang. Les meir…

Oppmoding om endring av Regional plan for vindkraft

M.a.Toreheia skal iflg. nasjonale retningslinjer ha stort konfliktpotensiale knytt til vindkraftutbyggjing. Dette skriv fylkesmannen i brev til miljøverndepartementet. Foto G.Skaar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ber i brev av 19/8-11 Miljøverndepartementet om endringar i Regional plan for vindkraft i fylket. Dette i tråd med paragraf 8-4 i plan og bygningslova.

For Askvoll sitt vedkommande vedkjem det:

Eitrenipa
Toreheia
Portafjellet
Atløy
Steinheia

Desse fjellområda er i planen, som fylkestinget har godkjent, sett opp med middels konfliktpotensiale (samla vekting) trass i at nasjonale retningslinjer tilseier stort konfliktpotensiale.

Les brevet på:http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005690&dokid=73965&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

(kopièr adressen til nettlesar)

Tidlegare om vindkraftplanen

Samband over Førdefjorden

Ålesundet og Førdefjorden. Foto G.Skaar

Arbeidet med Kystvegen er eit samarbeid mellom ei rad kommunar på kysten frå Bergen i sør til Ålesund i nord. Føremålet er på lang sikt å opprette eit ferjefritt nord/sør-samband ute ved kysten. Arbeidet går ut på å opprette ei kryssing av Førdefjorden, som i dag er einaste fjor der ei vegkryssing ikkje finst. Arbeidet med kryssing av Førdefjorden vert finansiert av dei 4 kommunane Flora, Askvoll, Naustdal og Fjaler”.

(Kjelde Norconsult)

Les referat frå oppstartsmøte:http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005693&dokid=73968&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Spørsmål til dei politiske partia i Sogn og Fjordane

Eivind Hjellum har i eit innlegg på sona for Val 2011 Fylkestinget, stilt alle dei politiske partia fem konkrete spørsmål om kystvegen Ålesund – Bergen. Blant anna konkrete spørsmål om kryssing av Førdefjorden umiddelbart etter at Dalsfjordbrua står ferdig.
Dette ser eg fram til å følge vidare og sjå svara på, blant anna fordi det også involverer korleis ein skal komme seg frå Eikenes til Flokenes i framtida. Frå handlingsplanen til fylket, står bl.a. opprusting av Ringstad – Stongfjorden, men bru over Førdefjorden og kystvegen sett under eit, så er det vel meir naturleg å sjå vekk frå ei opprusting og sjå moglegheitane for ein tunnelforbindelse mellom Holmedal og Flokeneset, kanskje då via dalen over Stongfjorden. Ei slik løysing vil i følge Gulesider være på omlag 10,3 km totalt, fordelt på 7 km og 3 km.

Ettermiddagstur på Blegja

Mot vest i motlys. Langevatnet ved Nipebu t.v.og Leknesvatna t.h.

Vedlagt nokre foto frå Blegja-turen etter arbeid i går. Fantastisk flott kveld og blikkstilt på toppen. Sjølv om det haustar i fjellet no, er det framleis varme i sola når vinden ikkje tek.

Les meir…

Rydding i verneområde

Etter at hekketida for sjøfuglane no er over, er arbeidet med vidare rydding av krattskog sett i gang i verneområda på kysten av Sogn og Fjordane. På Sakrisøy var ein dugnadsgjeng i aksjon i helga.

Sjå reportasje og bilder på Fylkesmannen sine sider her.

Kystarven

Status pr 22. august 2011 i prosjektet “Rydding i Kystarven” på Værlandet: 3090 meter strandlinje er no rydda. Vi har 28 000 kr att på budsjettet til rydding. No når hekketida er over, kan ein rydde i holmane også. Det rakk vi ikkje i fjor, så her kan det vere ein del å hente. For meir informasjon, ring 95773768 (Linda)

Velkommen til paneldebatt

I samband med kommune-og fylkestingsvalet inviterer dei politiske partia til den tradisjonelle paneldebatten i Askvoll samfunnshus onsdag 31. august kl. 18.00. Politikarar både frå kommune- og fylkespartia vil vere til stades, og det blir ope for spørsmål frå publikum.

Tilhøvet ved ekspressbåtkaia

Fjordl Fylkesbaatane har med jamne mellomrom i ei år rekke teke opp dei usikre og dårlege kai tilhøva ved ein del ekspressbåt kaier i fylket. Det har vore spesielt peika på dei store utfordingane knytt til trygg ombord og i landstigning ved fjøre og flo sjø. Konkrete tiltak som har vore drøfta er utfresing i kai såle, flytekai og oppbygde område på kai arealet”.

Les http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005601&dokid=73860&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Utbetaling av fondsmidlar

Norsk Sjøfuglsenter søkjer administrasjonen om utbetaling av renter på fondsmidlar.

Les http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005542&dokid=73793&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Fellingsløyve på skarv

Steinvik Fiskefarm AS har søkt om løyve til felling av skarv på lokaliteten Hella i Askvoll ! Og mommunen har i vedtak av 10/8 godkjent felling av inntil 5 skarvar ved merdene…

Les http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005529&dokid=73757&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF og http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005532&dokid=73767&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Utbetring av bru i Stordalen

Nordre Askvoll Sankelag søkjer om tilskot til utbetring av bru i Stordalen. Den gamle brua vart skada av flom i vinter. Brua blir mellom anna nytta av beitedyr til kryssing av elva. I følgje søknad er kostnadane rekna til kr 21.708,-

Les http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011005484&dokid=73707&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF