| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 25. juli 2009). Les mer om roperten… Balmoral passerer Prestøyreset i måneskin.Fred Olsen Cruice Lines Balmoral.
Vist 675 gonger. Følgt av 8 personar. | ||
Kommentarar
Flott bilde!
Takk Aud og Lene som tykte om bilde av Balmoral. Det har passert mange store turistskip gjennom Granesundet i Sommar.
..så bra, har aldri tenkt at det går turistskip så nær land der, husker de bare som små prikker langt der ute i havet. Men dette minner meg om mitt nærområde; “Drøbaksundet” som er så trangt og smalt at ein nesten rekker bort i båtene når de farer forbi.Ellers takk for flotte bilder, nå går kvar ein lunsjpause til å sitte her og kikke på bilder!!
fra elu
Dette var bra Steinar.
Takk til Janne, til elu og til Leif som alle har gått igjennom Granesundet og kjenner området. Det er ikkje alltid eg greier å passe opp allle båtane som går igjennom sundet om sommaren. Ved denne annledningen var eg litt for sein, men bilde vart no bra alikevel.Legger ved eit bilde av gardane på England og av Skarabua som sikkert elu kjenner til.
Ja, det er utruleg å sjå Sjøbua stå der …. har vore mykje der og spesielt spennande var 2. etasje hvor Jim og Solveig hadde “sommer-residensen” sin. Og kaia ved siden av var vel der vi blei rodd ut ifrå når vi skulle med båten tilbake til Askvoll …. det var spesielt. Båten blei bora/båra/borda eller bårda ….. Er vel ikkje så mange som veit kva det er: Vi blei rodd ut til rutebåten, og så blei vi “heist” ombord …..sammen med andre varer av forskjellig slag…. Skulle gjerne ha vore på sykkeltur på Atløyna i helga og sykla ned dit…. og i Skaret, så til Sauesundet, så til Vilnes.God helg!
elu
Dette viser Sauesundet slik det er idag.Her kjenner du deg sikkert igjenn elu. God helg til deg og.
Flotte bilder du har lagt ut her Steinar:))
God helg til både deg og Elsa:))
Flott bilde, nydelig når husa spegla seg i blank sjø!
Takk til Liv og Aud. Det er ei perle denne plassen i Sauesundet.Det minner med om Blindleia på Sørlandet som går mellom Kristiansand og Lillesand med alle dei fine sommarstadane i lune vikar. Men vi har dei her i vår kommune og. Slik som i Vika på Vilnes som eg legg ved eit bilde frå. Ha ei fin helg begge to.
Fin plass dette her og,mange perler rundt omkring på kysten. God helg til deg og i ruskeværet!
Ja, frå dette tunet oser det av historier, fortalt oss av bl.a. Jim og Bjarne H, og ikke minst når de fem søstrene Høvik var samla. Om huset til Dave. Det husker eg enda, litt forfallent, og så plutselig var det borte. Synd. Vi fikk høre om et hus der det alltid var fullt av folk, alltid ein plass til overnatting, langveisfarande, og andre som trengte ein stad å være. Her på eiendommen var det handel, krabbefabrikk, kanskje telegraf og post også. Mor mi var født i det røde huset der, eller var det i det kvite?
Også i det røde huset var det handel. Abraham og Lina budde der sammen med barn, seinare flytta dei i Skaret.
Vi var på søskenbarntreff (Høvik) i området der for noen få år siden. Første stopp var akkurat her i Sauesundet og vi fikk komme inn på området der,inn i husa og bare nyte alt på eiendommen der som no er solgt ut av slekta til Dave. Vi var heilt overveldet over kor fint det var.Det var fantastisk.
Spesielt de eldste søskenbarna hadde mykje å fortelle. Jim har også i bokform skrive om livet i Sauesundet.
Hører at Vestlandet er blankskurt etter dager med regn. Til orientering; her på Østlandet er det fortsatt sommer, i helga var det vel rundt 20 gradder C i sola.
elu
..kommentarene ovenfor er til bilde fra Sauesundet.
… ellers viser bilde fra Vilnes ei perle av eit sted ..
(ellers ser eg av kommentarene mine at her går det på ei herleg blanding på nynorsk og bokmå). Har nynorsken i hodet, men det rekker ikkje alltid ned til tastaturen ..).
..kommentarene ovenfor er til bilde fra Sauesundet.
… ellers viser bilde fra Vilnes ei perle av eit sted ..
(ellers ser eg av kommentarene mine at her går det på ei herleg blanding på nynorsk og bokmå). Har nynorsken i hodet, men det rekker ikkje alltid ned til tastaturen ..).
Ja, Sauesundet er ein fantastisk plass der det oser av kulturhistorie. Eg har ein del gamle bilder i frå Sauesundet, men dei har eg ikkje lyst å legge ut her. Ellers so har vi hatt regn i heile august og heile september med unntatt av 6 dager. Men vi hadde fint vær i heile mai og juni og halve juli før det slo om og sidan har det stortsett regna.
Legger ved eit bilde som eg tok i 2007 som viser at det bygges ein del nye hus både på nordsida og sørsida av Sauesundåsen.
Ja visst ser det flott ut i Sauesundet i dag – veldig bra at de nye eierne fra Bygstad har tatt godt vare på eiendommen. Men veldig synd at den gikk ut av Sauesundslekten – at ikke barna til Sverre fant å kunne beholde den. Den ble jo solgt for kr 300 000 i sin tid – rene “gibortpris”.
Også svært så synd at riksantikvaren kom for sent inn i bildet og bygningene ikke ble reddet som verneverdige før det var for sent.
Hadde mange flotte stunder både i hovedhuset hos Lina og Grant og i “telefonhuset” hos Alfhild og Sverre ; husker godt separeringen , alle melkespannene som sto kaldt i kjelleren hos Sverre, den store bærhagen og hønsehuset hvor vi hentet friske egg.
Takk til elu, Liv og Grethe for hyggelige kommentarar til bildene eg legg ved. Denne tråden er blitt lang no , men legger ved eit bilde av Vilnes Kyrkja som eg besøkte eindel i sommar. Der er ein fantastisk plass der ute, ved og rundt kyrkja, med utsikt mot Brurastakken og Den Norske Hest, " Alden " og Tviberg. Men der er nokre tre nede på haugen til Falck Vilnes som skulle vert borte. Kansje vi får legge inn ein søknad om å få Magnaren til å fjerne dei, så hadde utsikta vorte mykje betre mot nordvest.
No bles da nordakuling i Granesundet og haglbygene er tette.
Flott bilde av Kyrkja!!
Takk til Liv og Aud som likte dette bilde av Vilnes Kyrkja.
.. og her ligg alle forfedrene mine ….
elu
Takk til Elu og Leif for kommentar og bra. Legger ved eit bilde av det nye båthotellet på Vilnes.
Visste ikkje at det var båthotell på Vilnes,ser fint ut det.
Ja….! Apropos Vilnes – tenk eg har ein nabo her på Ski, Inger frå M&R, som hadde besteforeldrene sine fra Vilnes. Anna het bestemoren. Mor til 13 barn.
Stor oppstandelse da vi kom fram til at hun hadde slekt på Atløyna for da trudde vi selvfølgelig at vi var i slekt, men det var vi ikkje. Men hun har vært på Vilnes “kvar” sommer og kjente Jim på butikken …. så det er linker over alt …. moro var det.
elu
PS Da eg var på Herland sist (søskenbarntreff m/buss) såg eg ein fin plass nede i ei vik, med eit lite gardsbruk. Det var trangt og smalt. Det var på vegen mellom Herland og Vilnes. Eg fekk stoppet bussen for å få vite mer om denne plassen, men husker ikkje navnet. Kjenner dere til det?
Kunne det vere ned til Laukeland ?
Eg lure meg på ein ting Aud. Har du vert på Atløya nokon gong? Jau her er da båthotell med minibar. og det ligg fantastisk til ved Vilnesvika med utsyn til både Brurastakken og Alden.
Hei Sveinung, da er nok ned i vika på Laukeland ho Elsa meiner. Eg har nokre bilder frå den vika og eg, med nausta til Audun og Ståle Laukeland med gamle husa som dei har holdt godt ved like. Legger ved nokre bilder derifrå.
Det er mange år sidan eg har vore på Laukeland ,eller Atløyna for den saks skuld.Aud Berit ,kona til Dag var derifrå.
Jadå,Steinar eg har vore på Atløyna nokre gonger,var der seinast i fjor på revy i kulturhuset,men før det var det ein god del år sidan sisst,men har ikkje vore i Vilnesvika,fine bilder der i frå,ser idyllisk ut.
Du får hive deg på 4- hjulingen Aud og gjere eksosrype av deg og ta deg ein tur til på Atløyna. Dett bilde er på hågen kor hytta til Dag ligg så her kjenner du deg sikkert igjenn Sveinung. Ser Barsholmane og Sulelandet.
Flott bilde! Får sjå til sommaren igjen…
Såg at elu ikkje huskar navnet på ei trang vik med eit lite gardsbruk som ho såg på busstur på Atløy. Tippar det er Eie.L igg rett utom båthotellet på Vilnes. Ser, og er , fantastisk idyllisk ut. Rakel Vilnes var siste fastbuande der. Ingen kan unngå å legge merke til denne perla.
Du har nok rett i da Toril, det kan nok vere der og. Gerd Vilnes Bjorøy kjem vel dar ifrå. Det er nok ein idyllisk plass.
Ja, no må eg ta meg ein tur til Atløy snart, og finne ut av dette.Blir vel ikkje før til sommeren, men da skal eg saumfare området!! Trur denne plassen, som eg etterlyste, kanskje kan være Eie. Sett fra vegen, ser eg for meg at det er ganske smalt, at det er eit hus, og eit uthus/løe og sikkert naust.
Fantastiske bilder dere har tatt. elu
Ja, eg fant det igjen, plassen eg etterlyste tidlegare. På sykkeltur på Atløyna i sommar, ein heilt spesiell dag. 2 barnebarn med for 1. gang. Lang pause i hagen til Besta i Skaret. Toril Vårdal nevner plassen Eie. Navnet Eie har eg ikkje hørt om tidlegare, men det stemte med at det låg i ei vik utenfor Båthotellet. Like fint som eg huska det! Sykla utover, og innover, då fekk ein med seg detaljer frå denne øyna, som for meg, som er full av familiehistorie.
Var ned til sjøen ved Eidet i vinter som var, ein vakker lun og fin plass. Atløya rundt er ein fin tur på sykkel.