Lagunar

Leknesvatna renn ut i vest i fleire små fossefall, avsatsar og lagunar før det stuper utfor hammaren og renn vidare mot Markavatnet…

Kommentarar

Kjekt å sjå att der kjæresten og eg trakka for nokre år sidan!

Takk Annfrid!

For menneske som er glade i naturen er Leknesvatna ein idyll. Og spesielt utløpet i vest, der bildet er henta frå, er fantastisk flott. Eg veit sjølvsagt om mange fine plassar. Til å rangere dei blir ikkje rett. Men med den praktfulle utsikta som er her oppe i alle retningar, både til Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Skjerlia, alle vatna og fossane og til havs, er området her oppe blant dei finaste eg veit… Ikkje rart du og mannen tykte om naturen her òg…!

Biletsamlinga (1025 bilete)