Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 1. juli 2010). Les mer om roperten…

Det nyresturerte Dalsørenhuset.

På lørdag skal Askvoll Sjømat & Delikatesser åpne den nye delikatessen i Askvoll. Ønsker dei lukke til.

Kommentarar

Dette var vakkert og ikkje minst et godt tiltak, skal nok ta turen for å handle litt og minnast ho Thea og dei gode winerbrøda. Kanskje kan gamle Askvoll sentrun med tida oppstå i den prakt det ein gong var.

Hei Leif! Ting skjer i Gamle Askvoll Sentrum no, og andre ting er på gang så dette ser lovandes ut. Så Sveinung og Leif, ta Dåke ein tur til Askvoll i sommer og opplev det nye tilbudet vi har fått.

Å ja då. Det ekje so leje sia eg va dar.

Kjekt du tek deg ein tur ut til kysten av og til Sveinung, det er rart med lukta av tung og tare på fjære sjø. da forbinde eg med sommar her på kysten. Takk til Gustav og Signe for bra. Var ein tur i øyane igår kveld Sveinung og hadde med meg kamera. Legg ved eit par bilder frå den turen.

Det er rart med det ,det ein oppvaksen med ligg i haue resten av live. Men jammen sant er det fint i fjellet og.

Eg kjem Steinar!

Ja, eg er med på da Sveinung, no er snart molta moden og å då fer eg til fjells for å sikre med ber til jul. Bra du tek turen nordvest over Leif. Takk og til Signe S. for bra.

Slik skal det være! Oi – oi -oi kor fint! Har ikkje ord! Og den fine uteplassen ….! Las også om det i FIRDA, da sa minstejenta på 22; her må vi handle når vi er i Holmedal seinare i sommer! Og det skal vi … !! Bildet henger nå på veggen her i det byråkratiske kontoret mitt!
Tenker på da vi var på handletur til Askvoll i oppveksten, var alltid hos Dalsøren og kjøpte brød og selvfølgelig vanka det også wienerbrød mm. Også “tannlegebesøkene” i huset ovenfor, som kunne være en tortur, vart alltid avslutta med eit besøk hos Dalsøren! Og så godt det lukta frå bakeriet!!

Hei Elsa, vi som bur i gamle Askvoll Sentrum er glad og stolte over at det vert liv å røre igjenn her ute på gamle Borggaren som tidligare var samlingsstaden for folket i Askvollbygda. Vi er og glade for det tiltaket som desse 3 ungdommane har starta og håper virkelig at dei får dette til.
Eg fårstår at du var i kjellaren hos tannlege Sunde du og. Vi var ein klasse på 18 elevar og dei vart han ferdige med alle sammen til kl var 3.

Takk til deg Aud for bra, og til ein uten navn som synest bildene var bra.

Flotte bilder Steinar !!

Fint bilde Steinar som vekkjer minner om den gamle Røysetbakken.

Tusen takk til Liv og Leif, kjekt med skryt.

…har alltid vore noke spesielt med Askvoll, butikkane, bybåten,båten ut til Atløy, båten til Florø, Maria og Bjarne,Kirkebakken, var nesten som å komme til byen… og ikkje minst tann- og doktorbesøk. Og tannlege Sunde husker eg veldig godt, også vi var også 18 -19 i klassen, og frk Lien som var født i desember og sist av alle i klassen, kom alltid inn, etter å ha sittet på venterommet heile dagen,til slutt. Snakker om psykisk utmattelse …og vi skulle nå ein buss inn igjen til H, kanskje det var 1430, så her var han enda raskare!! Har fortsatt traumer! Ser det for meg, satt der stiv av skrekk heile dagen og hørte på de mest “groteske” historiene, noen var heldige og hadde ingen hull, andre kom ut bleike, med munnen full av bomull, litt blodige,litt kvalme,redde. bustete og svette.
Det gamle bilde her var også v veldig fint!!
Ha ein fin dag!
e

Hei Elsa! Det er altid kjekt å mimre om gamle dagar. Huskar når dei på høstane kokte krabbe på hermetikkfabrikken, og vi ungane prøvde å lure til oss ei varm krabbeklo når dei håva opp krabben av kokekara. Var vi uheldig så fikk vi eit spark i baken av ein som hadde treskokloggar og det var ikkje godt. Gikk ei stund då før vi torde oss bort igjenn på kaia. Men så kunne det hende at ein annan av arbeidarane kunne komme bort til oss med ei klo og det var stas kan du tru.
Hermetikkfabrikken hadde siste arbeidsdagen fredag 29 januar i 1993, og 70 – 80 arbeidsplasser gikk tapt.
Askvoll Kommune var første kommunen i fylket som tok til med skuletannrøkt og det var i 1957. Og Sunden som alle snakka om var tannlege i Askvoll frå 1952 til 1960. Då vart tannlegekontoret flytta til det nye Sparebankbygget i Sentrum og då var det tannlege Sellevoll som vart tannlege. Det er masse ein kan mimre om, kjem kansje meir seinare.

!bilde undefined!

Kari frå Molde “helser og gratulerer” med restaureringa av bygget. Kari snakker om Thea og wienerbrødene “Brille”. Eg husker ikkje Thea, men Thea skulle, iflg Kari, være venninne med Lina i Skaret, som var mormoren vår. 2 handlekraftige damer. Måtte være det når ein dreiv med handel.
Enda over 1 veke til ferien. Då skal eg i alle fall på “Blegja”, på Dokka, til Fossedalen, til Steiestølen, i Stardalen, på fjellet Orkla(?) på Jølster, sykkeltur på Atløy fram og tilbake,sitte utenfor Askvoll Sjømat & Delikatesser, har veldig lyst til tur i Espedalen,til hi sia av Dalsfjorden ved Standnes, til Eikenesstølen og roturer på Dalsfjorden, så skal PJR, søstra mi og eg + fleire, på “gjengrodde” stier i Rivedal,bjørnehijakt og ikkje minst skal vi til Twelve-o’clok-tea eller Afternoon-tea, på Lillingston.Vidare til Fredensborg, gå ein tur og sjå på dei fine vatna omkring. Og kanskje, dersom det ikkje regner, på gummistøvelløp i Stongfjorden. Alt dette med forbehold om regn og lyst der og da. Eg liker ikkje regn.
Sola skinner her.
God helg fra e

jA,DU VERDEN………eg misser pusten når svigerinna mi legg planar !!!

Dette var nokre fine mimrebilder,Steinar. Jammen har vegane i Askvoll endra seg likevel. Håper resten av Borgaren blir like fin som Dalsørbygget er blitt. Har du smakt på delikatessaene….? Berre fantastisk !

Ja, Elsa det er viktig å ha planane klare for ferien. Feriedagane går so altfor fort, men eg har bestilt godvær frå neste helg av for då tek eg og til på ferien. Eg for over Skrevarden på Atløy i dag Elsa med helikopter og dar har sikkert du vert tidligare og.
Eg har prøvt mange gode rettar frå Askvoll Sjømat. Først prøvede eg ovnsbakt kveite med ringeriks poteter med pesto. Så hadde vi ein kveld med Tapas, masse parmaskinke og god parmesanost.I går hadde vi Kamskjell som forrett og lammecarre, Så Askvoll Sjømat og D. er ein gottebutikk for voksne som vi må være flinke å bruke.
Legg ved 2 bilder, det første tok eg idag 18.07 2010.

“Nye” navn, plassar og hus dukker opp. Det er Skrevarden, den har eg aldri hørt om..? Likeså at Gamle Askvoll blei kalt Borggaren!Det huset som ligger heilt øverst i lia, på det nyaste bildet, har eg aldri lagt til merke før og lurer på kva det heiter der oppe? Høres ut som de har ein fantastisk meny på Askvoll Sjømat og Delikatesser…! Blir bra det! Og når det gjelder helikopterturer må vel det være heilt storslått/storslagent ….vil eg tru!
Det er regndag i dag, enda det var meldt sol, men vi er blitt lurt! E

Sommaren let vente på seg her i Askvoll og. Ein halv dag med litt sol før neste lavtrykk er over oss med store mengder med vatn. Ein del nye navn Elsa, slik som Borggarden kjem nok av at Sølvbergkaia med bua hadde navnet Nyborg rundt 1900. Gardsbruket ein ser på det nye bildet under Blåfjellet er Røysheim, der Einar og Johanna Loftheim budde.

“Statistisk sett” blir det fint, i august, i Holmedal!
Her er det varmt, med sol, og med høy fuktighet i lufta. Vi ser alle ut som vi nylig har tatt hjemmepermanent. Det blåser, og har blåst, mykje i sommer, dette er uvanlig her. Dette er mine betraktninger, sånn at ingen misforstår og har noe å tilføye her.
Takk for informasjon til bildene dine, det er lærerikt, som navn på plassar, navn på fjelltoppar, holmar og skjær. Har lært mykje frå Gustav Skår, Petter Johnny R og deg og ikkje minst alle “turane” Asbjørn Eikerol har tatt meg med på…..! og så hyggelig dere skriver. Flott! Minstejenta er på vei til Eidsbugarden og Vinje-rock, vidare på tur i fjellet med tidl. folkehøgskulevenner frå Vereide, i 1 veke, med nye fjellsko. I dag skal eg kjøpe likedan, slik at vi er utrusta til å gå turar i traktene der borte …..! Då må sola skinne både på oss,og andre!

Ja no er ferien igang og godværet er kommt til Vestlandet.Idag lørdag er dat havblikk på Granesundet og sola skin frå klar himmel og fergen går trufast til Atløy. Ha ein god ferie og ein fin sommer Elsa. Det kjem nok fleire bilder frå kommunen vår etter kvart.

Takk for bra Sveinung, håper på fine dager no. Har tenkt meg ein tur ut på Geita idag og forevige Alden derifrå.

Da verte sikkert ein fin tur. Vi teke ein tur med båten innover Lustrafjorden med båten. Teke meg ein tur i Grimelia i nær framtid.Verte vel ein tur i Molvikja på jorten seinare i haust .

Flotte bilder Steinar!:) Flott veir til ein dag på sjøen:)))

Ja, vi må nyte kvar dag vi får Sveinung og ikkje utsette ting til i mårra.Har mange kjekke opplevelser å sjå tilbake på i frå Mollvika. Eg skal ha meg ein tur inn til Sogn i sommer, kunne tenkt meg Nærøyfjorden og ein tur til Styvi. Takk til deg Janne for kommentar, for Dåke sør Granesundet igår Janne?

Det gjorde vi Steinar:)) var ned å tanka før vi reiste på Holleviksflua å fiska, fekk masse fisk:)))

Det vart matauk med andre ord. Kjekt å fiske når han bit. Skal på havfiske på onsdag med Håvard Halsøy, vert vel Værøygrunnen ( seiegrunnen).

Grett med litt fisk i frysaren til vinteren:))) Havfiske er sikkert kjekt, håper dåke får masse fisk da!:))) god tur!

Du skal få fangstraport seinare.

Vakre bilder med gode kommentar frå Askvoll. Ser med gleda fram til veke 31 då eg skal sige nord leia frå Stavanger med MK Andholmen, gjennom Granesundet med Florøy som mål.
Var nokre tura ute ved Longfalla og Svarteskjeret i veka og fylte opp i frysen for vinteren med lyr og fin småsei. Krabben kom aldri så langt, den gjekk ned etter kvart som den kom frå gryta.

Takk for god tilbakemelding Janne og Leif. Det er bra å ha litt fisk i frysen. Vi var ein tur på onsdag på Værøygrunnen og nokre nakkar lenger nord, og fisk vart da. Eg og son min hadde vel ca 50 kg med flekt fisk, det var lange, sei, pale, lyr, rødfisk, torsk den største var ca 12 kg, og den største langa var vel ca 13 kg.
Det er vel Veteranbåttreff i Florø til neste helg. Tenkte meg bort til Florø, men skal ein tur til Stavanger i morgon.

Ja, her er det store forandringer !!
Tenk at det bare skulle gå et år fra jeg satte inn bildet:“Her trengs det maling og mere til!” før huset presenterte seg slik det er nå – utrolig flott !!
Men ungdommene hadde nok planer lenge før mitt bildet havnet på trykk.
Også jeg har gode ferieminner fra gamle Askvoll, og det gleder meg stort å se at det igjen blir liv rundt gamlekaien.
All mulig lykke til ønskes alle dere som tar initiativ til nyskaping og vedlikehold.
Og så til Elsa: hvor mange av dine sommerferieturer fikk du gjennomført ?? Ferien din må i tilfelle ha vært utrooolig laaang.
Fortsatt god sommer til dere alle !

Takk tl Grethe Skjeie for hyggelig kommentar til bilde. Ja det er positivt i dobbel forstand, at ungdommane flytter tilbake til kommunen og starter opp med eit så bra tiltak som denne delikatessen er og at dei gamle husa vert resturert og tatt vare på.

…først til PJR takk for fint bilde, og 2 fine ettermiddager i Rivedal!! Eg og sonen min var på leiting etter bjørnehi ved Bakkevatnet, men vi fant det ikkje…! Det blei ein fin sommer til tross for svært så dårlige nyheter i begynnelsen. Først noen dager med hagearbeid, vasking etc. Sovet lenge, i alle fall til etter at barnehagene har åpnet! Slikt må ein ha lov til å unne seg når ein ferierer, sjølv om ”alle” andre jobber.
Ordnet, slikt som faller på, når huset står tomt over tid. Etter fjorårets ferie hvor vi arbeidet heile tiden med oppussing, og nå etter ein lang, lang vinter må vi også kunne unne oss det.
Har fått en del spørsmål om denne listen,det var bare noen ønsker eg hadde, det at det skulle ta pusten av noen,og at det er konmmet meg for øre at noen synes dette er selvskryt, er bare å beklage.
Men eg har hatt det fint eg og håper inderlig at eg ikkje har forstyrret noen i kvardagen:
Første “tur” på lista mi var sykkeltur til Vagstad, videre til Eikenesstølen, revebjeller og blåbær, steinbord og medbrakt kaffe, i 20 grader pluss, ein fin fredagskveld.

2 damer på tur til Alden, og opp på fjellet i mange varmegrader. Blei kjent med hyggelig folk frå Herland. Og ikkje minst eit par fra Bergen.

Alle sammen på Dokka; med utsikt i alle retninger,også til kortesjen av veteranbåter til Florø. Byjubileum.

2 damer på “Ut i det blå tur” til Slettelandstølen ,som eg trudde skulle være Steiestølen, små, små seterhus, steinbord og steinbenker der også, 2 karar i ein kano, vindstille, Så til Espedalen, hvor vi blei tatt imot med “åpne armer”. Hyggelig ettermiddag i solsteiken på terrassen, pannekaker og hermetiske plommer! Tusen takk J og M, også S.
Det blei ikkje tur til Blegja, men Bogestølen og Bogetjønn. Kanskje det aldri blir Blegja, det var nok eit ønske eg hadde der og da. Kanskje med litt drahjelp fra de unge i familien, vi får prøve neste år.

Sykkeltur frå Holmedal til Herland med heile familien; prøvde med litt historie utover, Skaret, Grov, Leirvåg og Vilnes. Herskapelig krabbeklomåltid på moloen der ute,dere kan tenke er kor godt det smakte etter denne sykkelturen.
Vi returnerte og første stopp var ved Vilnes kirke, gravene til bestemor Lina og bestefar Abraham, onkler og tante. Kom i snakk med noen nedenfor, hyggelig, felles venner har vi. Videre retur Skaret, bestemors hus, lang pause der, med innkjøpt mat og drikke frå butikken, ettermiddag på låvetrappa i Skaret – så ubeskrivelig fint. Så til Sauesundet med litt historie også.

Seinare vart det brødbakekveld i eldhuset på Lillingston, også sjølvlaget pizza, og eplesaft og afternoon-te i hagen. Det er som eit eventyr å være der. Fantastisk.
Til Botnastølsvatnet ein sein ettermiddag/kveld, fønvind og krøtter. Kaffe og te på trammen, vi mimrer, ler og har det moro vi to damene.
Så blei det selskapeligheter for 2 bursdagsbarn for de som ville komme, dag etter dag, med delikatesser frå Delikatessen i Askvoll, det var heilt, heilt vanvittig bra! Inge og Eirik serverte også noen middager med varer derfra, nydelig. For eit sted det er blitt!
Så var det visitter til Boge, bursdager, besøk av gamle gode venninner. Gleder meg til neste treff, vi har det utrulig morsomt sammen. Daglig småprat med dei kjekke naboane i Holmedal setter vi utrulig pris på.

Og til sist mange roturer på fjorden, innover og utover, “romantiserer” får eg høyre, men for meg er dette fint, nydelig fint! Ein dag nesten til Eikenes i medvind, tilbake i motvind, brukte så lang tid, og tungt vart det også, at det resulterte i at eg hadde vanskeligheter med å sitte dagene derpå. Samroing med Cecilie, ei litt ødelagt roåre, ei jente på 22 og ei eldre mor, litt bokmål og litt nynorsk, slik blir det morsomheter av.
Støvelløpet i Stongfjorden falt bort, også Stardalen, det får bli når stormen har stilnet og vinden snudd! Også Fossedalen, det var liksom eit av de første målene mine, det må bli motor på båten, slik at vi kjem oss dit, til hi sia av fjorden.
Orklafjellet kjørte vi ved, men har besøkt Osen gård og Hestad kapell på veien heim. Kjørte over Gaularfjellet og langs Sognefjorden, gjennom dei finaste bygdene som Leikanger og Hermansverk, også Sogndal og videre til eit stopp i Lærdal ….
Eg synes det har vært ein fin sommer, bra vær og det å være sammen med andre som ein kan gå turer med, le med og bare det å være sammen med – da blir det fint!

Dette må vi kalle ein aktiv sommar Elsa, kjekt å få alle desse positive innlegga og bilder frå Askvoll.

…. det var ikkje så dumt med ei slik “ønskeliste” – da blir ønskene gjerne oppfylt! Det vart mange fine turer, også noen til som ikkje er nevnt.
Ein liten spasertur til feks Tveit (nedre) i Holmedal, * inn i hagen, sitte på ei steinhelle der og bare sjå på den fine hagen og dei gamle husa …..ja det er nydelig fint. Er litt fasinert av disse steinhellene/benkane/borda.Og trur du ikkje at eg fekk ei slik steinhelle av ein hyggelig person på Eikenes.

PS *Har fått lov av eigaren til dette. Stående avtale.

Takk til alle som følger med på denne tråden og som har kommentert og gitt høg tommel for bilder og kommentarer.Og så til deg Elsa, må sei eg er imponert over alt du fekk tid til dei dagane du var i Holmedal, og at du tek sykkelen fatt og bruker den til turar rundt i heile kommunen. Hadde du kammera med deg så du kan legge inn nokre bilder frå turane du fekk med deg?

Eg har ikkje slikt fint fotografiapparat. Cecilie har, og tok kanskje nokre bilder som vi kan legge ut. Får kontakte henne og høre.Ja, eg/vi sykler både her og der. Sykler faktisk mest heile året, med forbehold om været på vinterstid. Bor litt fra stasjonen her på Ski, ikkje så langt, men langt nok til at det blir for mange minutter å bruke til å gå. Ellers kan nå nevnes at vi har veldig mange fine sykkelstier/veier her.
God helg! Her i området skal det bli 13 grader + og regn…! Kanskje dei har tatt feil, no skinner sola her, og det regner …!
fra e

PS PS
Fikk nett telefon fra Eirik,sonen min, og selvfølgelig tok han bilder. I alle fall fra Skaret og Dokka. Så ein gong etter neste helg skal eg prøve å få lagt noen inn her.

Hyggelig med kommentarer frå deg Elsa. Her er det sol og blå himmel med litt vind i Granesundet, men frå søndag kjem eit kraftig høgtrykk og sommaren kjem tilbake med høge temperaturar. Her i Askvoll skal det vere komfirmanttreff i helga for 1945 modellane. Eg skal i kyrkja å fotografere dei. Tok eit bilde idag tidlig med lav morgonsol i Atløyna.

God helg!

….neste år må det bli tur på Atløynipa! Det blei kaldt og vått i helga, men nå er det sol og varmt igjen….! Var det noen av dere som var på Birkebeinerrittet? Så synd at det også i år blei eit gjørmeløp. er v godt kjent i området der, vi har hytte der oppe, og har hatt mange, mange fine skiturer i området, også sykkelturer. Der er milevis med løyper og sykkelveier. Dette vart bare litt PR for området der.

Har ikkje hørt om nokon som var med på Birkebeinerrittet herifrå. Men eg har vert i område kor dei syklar. Har jakta på rein i det området i Søre Rondane. Vi køyrer inn ved Mesnali og Monte Bello Senteret., og langs Birkebeinervegen.

Som trådstarter av dette innlegget om Det nyresturerte Dalsørenhuset så avslutter vi denne tråden her og begynner på ein ny tråd. Ser at det har vert 555 personer innom her, så eg takker alle som har følgt med.
Kansje Du Elsa kunna starte ein ny tråd med nokre bilde frå Vestlandsturen din.

Steinar.

Ja, det kan eg prøve på! Skal be om bilder når sønnen er tilbake i neste veke ..!
Litt skummelt dette, kven er alle disse 555 personene mon tru?

Biletsamlinga (1025 bilete)

 

Bilete frå Askvoll (94 bilete)