Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 5. mai 2010). Les mer om roperten…

Svein og Arthur Boge, Gustav Olav Skaar

Moldura 1969. Her er et foto til fra samme turen Gustav har lagt ut 2 bilder fra tidligere.

Vist 326 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Knallbra Audun. Kjekt å sjå dette…Er det ikkje eit uttrykk som heiter å bli varm om hjarterota…!?

Men i farten kjem eg ikkje på kvar steinen står – det må eg finne ut av. For den må eg oppsøkje igjen…:-) I denne samanheng gir det uttrykket om å gå i gamle fòtefar ei konkret tyding …!

Kjekt du likte det Gustav :-) Det var ei fin tid, somrane då de ferierte i “Berget” på Boge, mange gode minne!

Hugsa du då vi fiska berggylte med rottefeller? Det begynte med at vi stod nede på moloen og fiska med meitemark på kroken, men disse berggyltene var leie til å stele agnet! Når vi gjekk tom for mark utan å ha fådd opp ein einaste fisk vart vi litt forarga og fekk idéen:
Kva om vi prøvde med rottefeller? Det måtte testast ut og vi storma opp bakkane og slengde oss på syklane, turen til Holmedal og Stensæth-butikken nede på kaia vart snøgt unnagjort!

Olav-en vart nysgjerrig når vi kom stormande inn i butikken og andpustne bad om tre rottefeller mens iveren lyste av oss lang veg. Når han til slutt fekk lirka ut av oss kva me skulle bruke dei til flein han godt. Han bad oss være forsiktige og demonstrerte krafta i ei med ein penn så blekket skvatt.

Vegen heim att og ned til sjøen vart snøgt unnagjort, vi så ivrige at vi trødde opp heile Kloppa!

Rottefellene vart funne fram og me surra søkke på dei før me festa agnet og spente fjørene. Så senka me dei forsiktig ned i passeleg djupne. Snart kom berggyltene nysgjerrig sigande att og svinsa rundt dei selsomme fiskereiskapane våre. Omsider var det ei som rykkte i ein av markane for å stikke av med den:
SMAKK! Der sat den i fella og til skadefro jubel og rå latter vart fangsten halt opp!

Robåten som låg i ile utanfor moloen var halvfull i sjø, og vi lempa fangsten oppi der. Dette var god underholdning og etter ei lang stund når robåten var full av all slags merkeleg fisk merka me at nokon ropte oppe frå husa:

“Da er noks, kom og et!”

Stemma høyrdest litt ilter ut, så det hadde truleg vore ropt ei stund…

Etit: I følge Gustav kan det godt ha vore musefeller vi brukte, eg hugsar ikkje sikkert, moro var det i alle høve!

Flott Audun. Artig du nemner dette! I vinter ein gong refererete eg nemleg denne historia i ein annan tråd på Fjaler sona. Og no har du jo kompletert her med ting eg hadde gløymt. Artig om du legg inn kommentaren i den sona òg. Min kommentar ligg vel der til sist…!

Det kan eg godt gjere :-) Men eg kan óg tenke meg å skrive det som eit eige innlegg.

Ja, gjer det…:-) Best slik!

Biletsamlinga (1034 bilete)

 

GAMLE HOLMEDAL (11 bilete)

 

Andre bildealbum