Holmedal 1906.Dampen kjem !. Det store høgdepunktet om søndagane i gamle dagar , var å gå på bryggja når dampen kom. Den kom frå Bygstad/Dale og skulle til Bergen. Der kunne dei sjå reisande , og ein kunne sjå på kvarandre. At det var nokre km. å gå både frå Vårdal og Rivedal, var ikkje så nøye den gongen. Holmedal Dampbageri J. Bjørnstad, står det på store huset. Det var eit innhaldsrikt hus, med «bageri», post, telefon og bustad. T.h . for det er Hålandhuset, der Firda Brusfabrikk held til i første høgda, og delvis i andre, og ein tok imot «losjerande» T.h. dampskips ekspedisjon og Stenseth Landhandel . Huset til v. var lager for Trollefoss Uldvarefabrik. Fjellet bak er Dokka. Mannen i lys dress er Jens Bjørnestad som var ekspeditør. Resten av folkemengda er ikkje kjend, men det skal visstnok vere Vårdølingar t.v., Holmedølingar i midten og Rivedølingar t.h .
Vist 266 gonger. Følgt av 3 personar. | ||
Kommentarar
Flott bilde og miljøskildring! Staselige i tøyet folket på kaia, ikke minst ekspeditør Bjørnestad. Veldig interessant å se hvordan det engang var, og få vite hva som var i husene rundt.