Forum: Ope forum

Noko nytt. Vil de bidra? Og få sjå gratis opera i Dale?

Foto_Erik_Berg

Opera på kino. Teater på kino. Konsert på kino. Sport på kino. Revy på kino. Musikal på kino. Manchester Utd på kino. Vil du ha dette?

Staten sponsar Kultur til folket.
Første forsøk skjer på laurdag den 4. februar.
La Boheme direkte via satelitt frå Bjørvika, Oslo, til Fjaler Kino Dale.

.
Korleis kan du bidra?
Til alle leiarar for lag, kulturkontor og frivilligsentralar. Les meir…

Det vert revy med VRAKKLINKERS og dans på Lørdag 21.01 Kl.19:30 i Grendahuset i Stongfjorden.

Det er lagt ned mykje arbeid av arrangørane og revyartistane for at dei frammøtte skal få ein fantastisk flott kveld.
Om taket står dagen etter får vi håpe, men eit er sikkert, det vert mykje gapskratt og god stemning i grendahuset denne kvelden.
Etter revyen vert det dans og då kan dei som ynskjer det få prøve seg som sangartistar og det vert nok mykje latter ut av dette og.
Dette er ein unik sjangse til å kvitte seg med restane av ribbefettet som har lagt seg på kroppen i jula ved å danse heile kvelden.
Det er solgt mange billettar til no, men det er fortsatt nokre ledige plassar.
Billettane vert solgt på butikken til Stubhaug på Høgda, på butikken i Stongfjorden og på butikken til Eikemoèn på Hellestranda.

Ta med godt humør og møt opp til ei riveleg stund saman med naboen, og kanskje vert du kjend med nokre nye personar og.
Sidan Vrakklinkers har eit tett program er det viktig at alle møter 19:30!

Askvika naturreservat i Askvoll

- løyve til plassering og drift av flåte med pumpe for vatn i Kyllaren.

Askvoll kommune får på nærare vilkår løyve til utplassering og drift av flåte med pumpe i Kyllaren, for å løyse helse- og trivselsproblem som følgje av H2S-episodar, skriv Fylkesmannen i brev til kommunen 6/1-12.

http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012000217&dokid=78046&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

Vrakklinkers har framsyning i Stongfjorden

Vrakklinkers “Med fingjen i Eple”
Lørdag 21. januar kl. 20.00, Stongfjorden Grendahus, 6984 Stongfjorden
Sjå meir HER

Ynskjer du vindkraft velkomen til Askvoll?

Utsikt frå Moldura i Askvoll 11.11.11 mot Alden og Atløy. Sistnemnde er i Regional plan for vindkraft, ratifisert av fylkestinget 8.juni 2011, klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale knytt til landskap og friluftsliv… Foto G.Skaar

Er du ein av dei som ser positivt på at kystnaturen vår blir skapt om til store industriområde for vindturbinar? Ta iallefall ein kik på lista eg har sett opp om aktuelle problemstillingar og fakta ikring desse utbyggingane.

Les meir…

Vegvesenet går for bru over Svesundet

Ein kan i dag lese på NRK Sogn og Fjordane at Statens Vegvesen går inn for nok ei bru over Dalsfjorden – nemlig Svesundbrua.

“Den beste løysinga for utbetring av fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug er ifølgje Vegvesenet ei bru over Svesundet til ein kostnad av 798 millionar kroner.”

Dette er også heilt i tråd med det eksisterande handlingsprogrammet for fylkesvegane her i fylket, der ei opprusting av Fv57 frå Hordaland grense til Storebru nevner Svesundbru som alternativ.

4.1.1 Oppfølging av tidlegare vedtekne prosjekt
Utgangspunkt for arbeidet med Handlingsprogram for fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane 2010-2013(19) er at tidlegare prioriteringar når det gjeld prosjekt står ved lag. Fylkestinget har i sak 08/05 prioritert oppstart av følgjande prosjekt i perioden 2006-15:
1. Fv 616 Langesjø – Kolset (Bremanger II)
2. Fv 609 Dalsfjordsambandet
3. Fv 60 Olden – Innvik
4. Fv 60 Hornindal – Møre grense
I tillegg står følgjande prosjekt på uprioritert marginalliste:
* Fv. 57 m/bru over Svesundet
* Ytre Steinsund
* Atløysambandet
* Ringstad – Stongfjorden
* Vik – Voss

Full gass for Atløysambandet!!!!

Det har vert sagt no “på bygda” at det er snakk om eit møte som skal vere på fylket no i månadsskiftet nov/des, der atløysambandet kan vere oppe? Dersom dette stemmer, er dette noko som absolutt bør markedsførast og markerast.
Det har vert skrive lite om framdrifta, og kva som er stoda og eventuelle hindringar for å kunne få bru realisert. Er ikkje dette ei sak som bør opp og fram i lyset??
Kva meiner politikarane, og folkevalde i kommunen?
Fastlandssamband med Atløyna vil og verte med å styrke Askvoll som kommune på fleire område. Sjølvsagt vil det kunne verte fleire som vil busetje seg på øyna, grunna ferja forsvinn, jo fleire innbyggjarar dess meir skatteinntekter, enklare med turnusarbeid (kveld/natt) og arbeidstider. Kortare ferjeavstand til Værlandet, med mogleg oftare avganger, godt positivt for dei.

No må vi få mykje blest om dette sambandet, gjerne med markeringar og andre ablegøyer, for å få merksemd på fordelane med bru.
Få fram forslag om korleis ein kan oppnå dette.
Og igjen Politikarar, kom på bana og ikkje sit og hald stilt, og vere redde for å bruke mandatet som er gjeve dykk ved kommuneval. Det er ein grunn til at nettopp dykk er i kommunestyret og/eller på fylkestinget.

Vinmonopolet åpner 10 nye butikker - Et av dem i Askvoll!

Vinmonopolet ønsker å åpne disse 10 butikkene i 2012 forutsatt at de finner egnede lokaler i den enkelte kommune. Vinmonopolet har vært opptatt av å sikre geografisk spredning og å prioritere kommuner som ikke har Vinmonopol.
Askvoll er altså en av de 10 utvalgte kommunene. Les mer på Vinmonopolet sine hjemmesider.

Ein novemberdag i Askvoll-fjella

Langevatnet i Holmedal. Alle foto G.Skaar

Vedlagt bilder frå ein fantastisk søndag i fjellet.







Les meir…

Prospektplan Dalsørkaia

Les her: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011007390&dokid=76104&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Etterlysing.....

Hallo godtfolk i Askvoll og nærliggande sokn. Eg syner til ei noko dramatisk overskrift av den enkle grunn at no står eg i beit for løysingar. Ingen er bortkomen eller på annan måte ikkje der dei skal være, men eg er altså på ei autofil jakt som med tradisjonelle metodar har synt seg resultatlaus.

Eg søker i utgangspunktet ein delebil av typen Datsun 720 pickup. For nokon også kjent son Nissan KingCab. Rust og skråmer, skilt eller ikkje har inga betydning då det er drivverk som er det viktige, fortrinnsvis ei girkasse til diesel. Om ein sit på annan pickup av japansk opphav frå tida opptil 1985 er det av interesse so lenge den startar. Synfaring og henting vert ordna, og sjølvsagt kontant i neven.
Send gjerne ein epost til flikkogstikk@gmail.com, innboks på sida her eller ring direkte til mekanikaren, Tore Hovden på 90566211.

Eysteinn Udberg, Florø

Konsesjon til Grunnevatn kraftverk

Grunnevatnet er det neste på lista av vatn i Askvoll som blir bygd ut… Frå før er m.a. Rivedalsvassdraget, Stongsvatnet, Oslandsvatnet, Botnastølsvatnet, Svelivatna, Øyravatnet, Markavatnet og Bjørnastigvatnet bygde ut. Foto G.Skaar

Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE) gir Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) konsesjon til å byggje Grunnevatn Energiverk i Skorvenvassdraget.

Les her: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2011007238&dokid=75900&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Annonse