Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 4. november 2010). Les mer om roperten…

SYNNØVES JULEKONSERT

Fredag 10. desember 2010 kl. 20.00, Holmedal kyrkje (Askvoll)

Synnøves Julekonsert går av stabelen sjette året på rad, og i år går turen til Holmedal kyrkje for første gong! Årets gjest er den unge folkesongaren Ingebjørg H. Bratland (20) frå Vinje i Telemark.

Ingebjørg er jenta som fekk Kongen til å gråte med songen sin. Og som gjest i Beat for beat og solist hos Team Tuva i Det store korslaget framkalla ho nok ein gong tårene hjå tv-sjåarar i det ganske land.

På Synnøves Julekonsert står det enkle og nære i sentrum, og det er garantert fritt for jingle-bells og glorete neon-nissar. I staden for å spele på det storslagne og pompøse, vil dei fire musikarane spele på idéen om at det enkle ofte er det beste. Gjennom å la klangen av stemmene og instrumenta forsterke melodiane og teksten, søkjer dei å formidle det store i noko tilsynelatande lite. Med dette ligg alt til rette for eit velfortent pusterom i førjulsstria!

Ingebjørg Bratland – folkesong
Solbjørg Tveiten – folkesong
Synnøve S. Bjørset – hardingfele/oktavfele
Sigbjørn Apeland – trøorgel

Vel møtt til konsert!

Vist 102 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein opptredde Person_gray

Kvar skjer det?