Skjærgårdstreffet 2010
Askvoll og Holmedal idrettslag arrangerer det tradisjonsrike Skjærgårdstreff 2010 helga 16.-18. juli.
Fredag 16, juli er borna sin store dag. På Øyra og i nærområdet vert det mange ulike sommaraktivietar både på land og sjø.
Laurdag 17. juli hovudarenaen sentrumskaia med aktivitetar og konkurransar for både små og store land- og sjøkrabbar.
Søndag 18. juli er det klart for eit av fylkets største veterankøyretøyparade. Dette er ein populær parade og staselege køyretøy er med frå fjern og nær.
Både laurdag og søndag vert det stand, oppvisningar og variert sceneunderhaldning.
Set av helga og velkommen til fastbuande og tilreisande og opplev det yrande folkelivet på det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Her vert det liv og røre i tre dagar til ende.


