Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 8. juli 2009). Les mer om roperten…

Skjærgårdstreff 2009

Fredag 17. juli 2009 til søndag 19. juli 2009, Askvoll sentrum

Askvoll og Holmedal Idrettslag arrangerer i år i godt og nært samarbeid med Askvoll sentrumsgruppe det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Vi bygger vidare på konseptet og har endå meir preg på skjærgård både på land og på sjø. Vi ynskjer både fastbuande og tilreisande velkommen til eit tre dagars arrangement midt i sentrum av Askvoll, og sjølvsagt vert det heile helga eit yrande folkeliv og masse båtar.

Den nye Sentrumshamna gjer at du som vitjar Askvoll med båt denne helga, kan bu midt i sentrum av arrangementet.

Vi startar fredag 17. juli med barnas sommaraktivitetar på Øyra og nærområde. Her vert det sandvolleyball, riding, kano/kajakk, bandy, kanonball og sist, men ikkje minst: avslutting av aktivitetsdagen på vannsklie. På laurdag er det varierte salsbodar, mange aktivitetar og konkurransar for små og store, sceneunderhaldning og padleoppvisning. Du kan i tillegg oppleve korleis ein ny og moderne fiskebåt ser ut frå innsida.

Søndag er det klart for eit av fylkets største veterankøyretøyparade med kostymefølgje og premieutdeling. På scena får du sommartonar frå toradargruppe, oppvisning frå hundeklubben, ulike aktivitetar og salsboder.

Både fjordhotellet og sjøbuene har levande musikk både fredag og laurdag kveld!
Det er det 12. Skjærgårdstreffet i rekka, og næringslivet har vore så rause og gjeve arrangementet til idrettslaget i bygda. Men sjølv om dei ikkje er med som arrangør i år – så er dei veldig hjelpsame og stiller opp og tar gode dugnadstak på lik linje med langt over 200 andre frivillige i Askvoll.

Du skal ikkje bekymre deg for været. Det er bestilt for lenge sidan – sol og varme som det pleier vere, og Skjærgårdstreffet 2009 vert ei oppleving du seint vil gløyme.
Her er litt av det du kan oppleve i Askvoll i helga 17. – 19. juli:
- Barneidrettsaktivitetar
- Vannsklie
- Helikopterturar
- Hesteriding
- Bruskassestabling
- Dans
- Konsertar
- Lotteri med flotte premiar
- Omvisning på moderne fiskebåt
- Fjelltur
- Tur med Bakkejekta
- Hoppeslott
- Padleoppvisning
- Hundeoppvisning
- Konkurransar
- Paintball
- Salsboder
- Flaskepost

Ta turen til Skjærgårdstreffet i Askvoll – midt i leia på sentrumskaia -

Fotograf: Herfinn Takle.

Vist 460 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?