Ausekarane - Haraball på Nya Ferjo!
HARABALL PÅ NYA FERJO – “AUSA PÅ” 2010
Ikkje reis te bydn, me kjem te deg!
Sommarturneen til Ausekarane kan i år offisielt seiast å ha vorte ein tradisjon. For tredje gong legg no stjernelaget med trubadurane og humoristane Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen ut på sommarturné langs vestlandsfjordane.
I eitt år har karane gledd seg te å reisa på fjorden igjen. Og i år kjem dei med ein nyskriven sommarslager i kofferten, med om mogeleg endå meir galskap, sprøe innfall, humor og energi enn tidlegare år.
I år gjestar Ausekarane kaien på Askvoll den 7. juli og på Bulandet den 9. juli!
Ny båt
Ausekarane har og fått seg ny ferja, med større scene og gode fasilitetar til over 350 publikummarar. So i år vonar dei at ingen vert ståande igjen på kaien når showet startar! “Showtime” som nye båten no heiter, er ei flott, ombygd gamal ferje, som tidligare gjekk under namnet MF Forsand. No blir ferja flytande konsertscene for blant anna Ausekarane.
*
Billettar*
Billettane e ute for salg!
Ordinær billettpris: Kr 375,- + bill.avg.
BT-kort pris: Kr 315,- + bill.avg.
Abonnentar av Bergens Tidende får spesialpris på inntil 4 billettar. BT-kort må visast ved henting av billettane.
Billettar til showet finn de på www.billettservice.no
De kan og ringa Billettservice på tlf 815 33 133 for å tinga billettar.
Dei kan sende billettane rett heim i postkassa di.
Det vil og verta lagd ut billettar for salg på nokre lokale utsalgsstader på turneplassar som ikkje har Billettservice-utsalg. Meir info om dette kjem etterkvart. Følg med på www.ausekarane.no og i lokalavisa.
Ein kan sjølvsagt og kjøpa billett ombord viss da framleis e ledige billettar, men det hadde ikkje me teke sjangsen på…
Meir informasjon, heila turneruto og mykje anna løye finn de på www.ausekarane.no. Velkommen om bord!

