Pasjon og mystikk; eit heftig møte mellom urgamle arabiske og andalusiske tradisjonar.
Arabisk mystikk og andalusisk pasjon smeltar saman i ei fyrrig forestilling der musikarar og dansarar frå Marokko og Spania feirar dei nære banda som har eksistert mellom landa i fleire århundrer. Samarbeidet mellom det marokkanske orkesteret og spanske flamenco-artistar har eksistert i over 20 år, og byggjer på musikk frå ei tid då jødar, kristne og muslimar levde side om side i det sørlege Spania. Bu deg på ein intens og kjenslelada dialog over Gibraltarstredet.
Sal av mat og drikke.
Buss frå Førdehuset 17.30, retur etter konserten.
Kr 200/50 inkl. buss. Med festivalpass kr 120/50.