Det vert revy med VRAKKLINKERS og dans på Lørdag 21.01 Kl.19:30 i Grendahuset i Stongfjorden.

Det er lagt ned mykje arbeid av arrangørane og revyartistane for at dei frammøtte skal få ein fantastisk flott kveld.
Om taket står dagen etter får vi håpe, men eit er sikkert, det vert mykje gapskratt og god stemning i grendahuset denne kvelden.
Etter revyen vert det dans og då kan dei som ynskjer det få prøve seg som sangartistar og det vert nok mykje latter ut av dette og.
Dette er ein unik sjangse til å kvitte seg med restane av ribbefettet som har lagt seg på kroppen i jula ved å danse heile kvelden.
Det er solgt mange billettar til no, men det er fortsatt nokre ledige plassar.
Billettane vert solgt på butikken til Stubhaug på Høgda, på butikken i Stongfjorden og på butikken til Eikemoèn på Hellestranda.

Ta med godt humør og møt opp til ei riveleg stund saman med naboen, og kanskje vert du kjend med nokre nye personar og.
Sidan Vrakklinkers har eit tett program er det viktig at alle møter 19:30!

Annonse

Nye bilder