Spørsmål til dei politiske partia i Sogn og Fjordane

Eivind Hjellum har i eit innlegg på sona for Val 2011 Fylkestinget, stilt alle dei politiske partia fem konkrete spørsmål om kystvegen Ålesund – Bergen. Blant anna konkrete spørsmål om kryssing av Førdefjorden umiddelbart etter at Dalsfjordbrua står ferdig.
Dette ser eg fram til å følge vidare og sjå svara på, blant anna fordi det også involverer korleis ein skal komme seg frå Eikenes til Flokenes i framtida. Frå handlingsplanen til fylket, står bl.a. opprusting av Ringstad – Stongfjorden, men bru over Førdefjorden og kystvegen sett under eit, så er det vel meir naturleg å sjå vekk frå ei opprusting og sjå moglegheitane for ein tunnelforbindelse mellom Holmedal og Flokeneset, kanskje då via dalen over Stongfjorden. Ei slik løysing vil i følge Gulesider være på omlag 10,3 km totalt, fordelt på 7 km og 3 km.

Vist 87 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder