Rydding i verneområdeEtter at hekketida for sjøfuglane no er over, er arbeidet med vidare rydding av krattskog sett i gang i verneområda på kysten av Sogn og Fjordane. På Sakrisøy var ein dugnadsgjeng i aksjon i helga. Sjå reportasje og bilder på Fylkesmannen sine sider her.
Vist 94 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Hadde ikkje desse områda vore freda ville det kansje sett litt betre ut. Slik det er no kan ein ikkje gjere noko på desse holmane. Dersom det var lovleg å bruke reservata gjekk det an for folk å rydde litt når ein gjekk i land. I hekketida skal ein sjølvsagt vere varsam, men ein kjem langt med sunt vet.
No gror det vel igjen overalt anten det er freda eller ei. Dette er nok ein del av dei naturlege prosessane som er i naturen. Naturen tek tilbake det den ein gong gav frå seg når bønder og fiskarar hiv inn handkleet.