Soppdag med sopptur og soppkontroll søndag 12. septemberSøndag 12. september er det tid for soppsanking! Bli med på soppdag, eller få din eigen sopp kontrollert av godkjente soppkontrollørar om ettermiddagen. Harald Eriksen og Anne Johanne Schei frå Sunnfjord sopp- og nyttevekstforening vert med heile dagen. Vi møtast klokka 13.00 i Grendahuset i Stongfjorden for infomasjon og tips om sopp. Deretter er det tur i Gjerdedalen der vi ser etter sopp og plukkar med oss det vi måtte finne. Ta med korg (gjerne med små plastkoppar i til å halde ulike sopptypar kvar for seg), kniv, børste (smørkosten til kakeforma funkar fint) og niste! Frå ca 16.00 er det soppkontroll og utstilling av sopp i Grendahuset. Denne er open for alle, uansett om du vil vere med på turen først. Dette vert ein kjekk dag for store og små! Vi spanderar kaffi og saft i grendahuset, ta med niste etter behov. Velkommen! Askvoll hagelag, Barnas Turlag Askvoll og Sunnfjord sopp- og nyttevekstforening arrangerar. Meir informasjon om sopp finn du på nyttevekstforeninga sine heimesider.
Vist 54 gonger. Følgt av 1 person. | ||