Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 27. august 2010). Les mer om roperten…

Regional plan for vindkraft

Utsikt frå Moldura mot Askvoll og Lutelandet. Foto:G.Skaar

Vindkraftplanen, som no ligg ute til høyring, vurderer kva konfliktpotensial industriområde for vindturbinar har, i forhold til ulike arealinteresser langs kysten av Sogn og Fjordane. For Askvoll sin del ligg vurderingane under punkt 3.4.

Mykje av fjella mot aust og nord i Askvoll som Eitrenipa, Gjelsvikefjellet, Portafjellet, Indrevågefjellet, Hekkelfjellet, Moldura, Toreheia etc er klassifiserte på grunnlag av eksisterande informasjon. Fellesnemnaren er at planen uttrykkjer lite til middels konfliktpotensiale ikring verdiar knytt til landskap, kulturminne, landbruk (beite), hekkelokalitetar for kollisjonsutsette artar av fugl, friluftsliv og biologisk mangfald.

Sitat frå planen (OBS:8 mb): Regional plan for vindkraft vert å leggje til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande både for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Planen vil vere eit viktig grunnlag for NVE si handsaming av enkeltprosjekt.

For innbyggjarane i kommunen, og elles langs kysten, er det no viktig at planen blir supplert med utfyllande opplysningar vedrørande ovannemnde. Både private og lag og organisajonar kan melde inn sine innspel til fylkeskommunen, anten til adressa:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

eller e-post: postmottak.sentraladm@sfj.no

Grafikk:Knut Hjortland

Vist 216 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder