| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 2. august 2010). Les mer om roperten… "Ikkje alt skal takast frå fjellet"Redaktøren i “Firda” seier nei til vidare kraftutbyggjing i Skorvavassdraget. ![]() Eigne foto
Frå Blegja. Leknesvatna nest lengst frå.
I nordskaret på Eitrenipa ser Leknesvatna slik ut.
Utløpet av Leknesvatna ved lagunane.
Ved lagunane ser vi Eitrenipa i aust.
Fossen frå Leknesvatna “renn ut av himmelen”…
Haust ved Leknesvatna
Vintermotiv frå Leknesvatna.
Stålis på Leknesvatna. Blegja i bakgrunnen. Alle foto copyright Gustav Skaar
Vist 529 gonger. Følgt av 7 personar. | ||
Kommentarar
Så flotte bilder, Gustav!
Likte spesielt godt det med fossen som “renn ut av himmelen”.
Kjempeflotte bilde av eit vakkert landskap.
Det verkar som det er sterke band mellom redaktør og naturvernar i denne saka.
Eg registrerer Frantzen sine konspirasjonsteoriar. Dei har sjølvsagt ikkje rot i røyndommen. Som redaktøren skriv:
At Firda denne gongen fell ned på eit vernestandpunkt i ei kraftutbyggjingssak, viser vel berre at “nok er nok” i dette vakre fjellområdet.
Illustrasjonsfoto frå Bjørnastigvatnet (berre delvis nedtappa)
Illustrasjonsfoto frå Markavatnet
Illustrasjonsfoto frå Svelivatnet
Vakre bilder av et vakkert landskap, ,-at Atle Stang og likar maturen frå barndomstaden sin forringa ikkje dette.
Vi må slutte å bry oss med visuell forureining!
Det er eit faktum at både Høgre og Frp vil forske på bruk av atomkraft i Norge. Sett opp mot dette blir det å argumentere mot utbygging av vasskraft fordi det forstyrrar utsikta heilt håplaust i mine auge.
Det blir til og med kommentert her at bileta av nedtappa vatn er vakre!
Er det noko gale med å forske – sjølv om det er forsking på atom-kraft?
(Problemet er kanskje at det kjem frå Høgre og FrP?)
For ordens skuld så kjenner eg Leif Thuland så pass bra at han kommenterte dei første bilda og ikkje skrekkbilda etterpå.
Det står Frantzen fritt til å meine kva som er vakkert eller ei. Men å skulle belære andre kva som er vakkert, blir ei anna sak… Visuell forureining er nettopp, ja, visuell forureining.
Ei vassdragsregulering fører sjølvsagt til svært mange andre uheldige konsekvensar enn det visuelle. Ein kan starte med å google biologisk mangfald. Vi har eit moralsk, biologisk, økonomisk og estetisk ansvar i å ta vare på naturen, både for oss sjølve og etterkomarane våre.
Rundt om i Skorvavassdraget er det fleire raudlista fugleartar. I denne omgang kan eg nemne at eg med sjølvsyn har registrert både smålom, storlom og raudstilk. I tillegg til fjellvåk og heilo. Fugleartar som er særs utsette for vassendringar og støy.
At t.d. Stordalsvatnet ligg innanfor eit INON-område, og er innlemma i eit regionalt viktig friluftsområde (Leknesvatna lokalt), har ei helt anna tyding enn berre det visuelle.
Illustrasjonsfoto av INON-område i Askvoll. Vi ser Stordalsvatnet med Stordalen vestover t.h.
t.v for det første bildet og innanfor same INON-område, ser vi Langevatnet med DNT-hytta Nipebu og vestover mot havet. Det er mange merka stiar i "Hav til Bre prosjektet til DNT. Begge foto 25/7-10
Bruk av atomkraft er ein viktig debatt, men har lite med ei eventuell kraftutbyggjing i Skorvavassdraget å gjere.
Til Hovland: Når ein vil bruke pengar på å forske på atomkraft er det truleg for å kunne ta den i bruk. Igjen, eg meiner det er eit farleg spor å gje seg inn på. Dessuten er det heilt meinignslaust å satse på atomkraft i Norge, som har bøttevis med grøn fornybar energi. Dersom vi berre hadde tatt den i bruk. Det er potensiale for å ta ut meir vasskraft. Vi har eit enormt stort potensiale for å produsere rein energi frå vind. Men dette skal vi altså ikkje ta i bruk fordi ein er så redd for å få utsikta si forstyrra. Beklagar, eg greier ikkje å forstå at ein prioriterer atomkraft framfor vass- og vindkraft. Så vidt eg veit er det berre H og Frp som vil prøve seg på atomkraft i Norge. Verdt å merke seg for veljarane synes eg. Kor mykje radioaktivt avfall må vi produsere dersom ein skal innfri kravet om nok energi på kloden?
Til Skaar: Kan vi verkeleg bevilge oss den luksusen det er å sei nei til visuell forureining? Når vi samstundes veit at Norge er eit av dei landa i verda som brukar mest energi pr hovud? Og når vi veit at elektrisk kraft i Europa blir produsert ved å brenne kol, eller ved hjelp av atomkraft?
Verda står midt oppe i ei klimakrise. Og vil truleg møte ei energikrise i framtida. Så sit vi her i Norge og klagar over at noko forstyrrar utsikta vår! Hallo!
Trugsmålet mot det biologiske mangfaldet er vel noko utbyggjaren må undersøkje. Og ein får vel ikkje lov av myndigheitene til å setje i gang dersom det er fare for at det biologiske mangfaldet skal bli redusert. Får ein klarsignlar så tyder det vel på at trugsmålet mot det biologiske mangfaldet er liten.
At ei eventuell kraftutbygging skal ha konsekvensar for dei fugleartane stiller eg meg tvilande til. Er det noko du tru, eller er det noko du veit?
Trugsmål mot det biologiske mangfaldet bryr utbyggjarar seg lite om. Får ein lov av myndigheitene, betyr det at myndigheitene trur det kan vere lønsamt, ikkje at det tek omsyn til livet langs elvar og vatn. I skvis mellom økologi og pengar er det alltid pengane som vinn. Så kan ein heller finne noko anna å verne ein annan stad, for å ha eit miljø-alibi. Sorry, men slik synest det å vere. Vi kan berre nemne Hardanger.
Ein kan sjølvsagt gå inn på ein prinsipiell debatt om energikrise, klimakrise, vindturbinar og atomkraft. Det er interessant. Kanskje er det likevel fornuftig å halde seg til Skorva spesifikt her, sidan det er det tråden handlar om.
Som vi veit er Askvoll kommune storeksportør av rein fornybar energi. Som eit resultat av det er nesten alle av dei store vatna i dag utbygde. Her er kun att lommar av betydning der vatna renn fritt. Difor er det viktig å ta vare på desse for ettertida!
Eg ser jo at Frantzen helst ser at endå meir vassdrag burde bli utbygde. Og truleg meiner at “alt vatn som ikkje er lagt i røyr er vekkasta vatn”. Det får så vere. Heldigvis er det ikkje gjengs politikk i dag!
Til Odd Frantzen.
Eg vil ikkje gjere dette til nokon debatt for / mot atomkraft. Det meiner eg er ein annan diskusjon.
Men det som eg reagerer på er at du insinuerer at du er mot FORSKING av atomkraft.
Det har ALDRI skada å tileigne seg kunnskap, enten kunnskapen kjem frå “etablerte sanningar” eller nyleg oppdatert fakta-kunnskap / utvikling av ny teknologi. I begge tilfelle kjem kunnskapane frå ulike typar forsking, gamal og ny. Det er jo desto viktigare å forske på noko som (enno) er potensielt farleg – kanskje ein kan gjere det ufarleg med tida?
Jordnær samanlikning:
Det er ikkje så mange år sidan at (bil)motorar spydde ut ramsvart røyk langs vegane.
Dette var rett og slett noko “ufyselege greier”. Skulle ein så la vere å forske på utvikling av betre motorar berre fordi at det var noko “ufyselege greier”, og helst skulle ha vore erstatta med noko heilt anna? Sjølvsagt ikkje! I dag ser ein jo resultatet frå år til år med betre og reinare motorar, -takka vere forsking.
Slik trur eg det blir med atom-energi også; den vil verte reinare og mindre farleg (tryggare) med tida.
Men det kjem ikkje av seg sjølv. Det må nok forsking til.
Eg meiner ein må bruke ressursane til forskning på heilt andre område. Fornybar energi til dømes. Atomkraft baserer seg og på ein ikkje-fornybar ressurs.
Ein ting til, det undrar meg i grunn litt at ikkje Firda har ei prinsipiell tilnærming til saker som dette. Når dei ikkje har det så blir det tilfeldig kva standpunkt ein havnar på. Kva er det som gjer at Firda tek standpunkt mot utbygging i denne saka? Eg synes ikkje Stang argumenterer godt for synet sitt. Eg støttar SFE som meiner at det bør vere mindre kontrovesielt å bygge ut i eit område som alt er godt utbygd. Større verdi hadde det hatt å verne dersom vi hadde snakka om eit større urørt område, slik eg ser det.
Ellers er det som det pleier å vere. Folk er for fornybar energi. Men den må for all del ikkje produserast der eg bur!
NIMBY Not in my back yard!
Tom Sudman Therkildsen skriv om nibyisme i eit nyansert og flott blogginnlegg om kraftlinene som er vedtekne gjennom Hardanger.
Frantzen har visst endå ikkje fått med seg at mykja av desse planane ligg innanfor eit INON-område. Kva han meiner med “større urørt område” er dessutan eit tøyeleg begrep. SFE har som kjent forsynt seg grådig av fjellvatna her ute frå før, så plass til nokon nasjonalpark er det ikkje (sjølv om det gjerne skulle vore verna vatn og areal tidlegare…)…
Ein forsvarar sjølvsagt heller ikkje nye inngrep i nye biotopar fordi elvar og vatn er utbygde og øydelagde lenger nede i dalen. Eller sagt på ein annan måte: Om det ser ut som ei slagmark i hagen til naboen til Frantzen, så er det vel greitt at det visuelt ser bra ut hjå han… (Men visuell forureining er visst ikkje så nøye med… NIMBY er ein velbrukt klisjè).
Når det gjeld Firda og Stang si tilnærming til ei eventuell kraftutbyggjing i Skorva, lyt dei svare for seg. Men å seie ja til all slik utbyggjing her, som Frantzen visst står som representant for, er ei hån mot våre etterkomarar og oss sjølve som framleis ynsjer å bu i kommunen. Og er øydelagde vatn og natur eit incitament for nytilflytting? Eller kva Frantzen? Du bur vel ikkje her?
Eg vil at mine ungar og barnebarn skal få oppleve gleda og nytten ein finn i naturen og ved fjellvatna som framleis ikkje er øydelagde av reguleringar her ute ved kysten. Dette er eg heilt sikker på gjeld for fleire av oss som (framleis) bur her!
Det er enkelt å støtte SFE, kapitalmakta og velbrukte klisjèar. Det er ofte verre å ville verje om natur, vatn og biologi. Dei “snakkar” eit anna språk enn knitring av setlar.
Eg synes du overdramatiserer dei negative konsekvensane av kraftutbygging i dette området. Kvifor er det ei hån mot dei som kjem etter oss? Vatna kjem jo ikkje til å forsvinne? Og ærleg talt, det blir vel ikkje så mykje meir forferdeleg å bu i Askvoll kommune etter ei eventuell utbygging? Det greier eg ikkje å forstå at det skal bli. Når det kjem til om ein får tilflytting eller ikkje til Askvoll, så meiner eg bestemt at det er det heilt andre faktorar som avgjer. Då handlar det om kvaliteten kommunen har på tenestene sine mellom anna. Det igjen er avhengig at kommunen sine inntekter. Inntektene til kommunen kjem frå verdiskapinga i kommunen.
Eg er heilt sikker på at barnebarna dine kan nytte naturen på same måte som du gjer, sjølv om ein veljer å byggje ut på ein skånsam måte. Kanskje ser dei eit fjellvatn som til tider er sterkt nedtappa, men når det kjem til kor mykje dette reduserer naturopplevinga er det nok mange ulike meiningar.
Askvoll er ein flott kommune å bu i (kven har snakka om forferdeleg?). Difor vil vi bevare den slik òg. Og sjølvsagt leggje stor vekt på dei naturkvalitetane vi har. Kvalitetar som det er særs viktig å ta vare på for framtida.
Personleg ser eg ingen grunn til å halde fram denne polemikken med Frantzen. Verdigrunnlaget her i livet er så forskjellig. Men eg kan love at kampen for å bevare dei siste fjellvatna i Askvoll utbyggjingsfrie nettopp er starta! Vi har mykje å fare med…
Energiutgreiing i Askvoll
3.9 Lokal elektrisitetsproduksjon
I følge NVE og SFE Nett AS er desse kraftverka registrerte i Askvoll kommune:
Øvre Markevatn 3,5 MW 24,7 GWh
Rivedal 3,2 MW 13,0 GWh
Oslandsbotten 2,9 MW 13,8 GWh
Stongfjorden 2,9 MW 15,1 GWh
Nedre Markevatn 2,8 MW 11,2 GWh
Kvernhuselva 0,320 MW 1,3 GWh
Mandelid 0,250 MW 0,3 GWh
Grytten 0,070 MW 0,2 GWh
SUM 15,9 MW 79,6 GWh
Installert effekt Middelårsprod.
Av dette nyttar kommunen omlag halvparten…
3.10 Energibalanse
Kommunedelplan for klima og energi skal ut til høyring i haust. Alle har høve til å komme med sine innspel.
Offentlege dokument i saka.