Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 25. juni 2010). Les mer om roperten…

Skjærgårdstreffet 2010

I år som i fjor arrangerer Askvoll og Holmedal Idrettslag – i nært samarbeid med Askvoll sentrumsgruppe, det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Ein bygger vidare på konseptet og har endå meir preg på skjærgård både på land og på sjø. Vi ynskjer både fastbuande og tilreisande velkommen til eit tre dagars arrangement midt i sentrum av Askvoll, og sjølvsagt vert det heile helga eit yrande folkeliv og masse båtar.

Og du skal ikkje bekymre deg for været. Det er bestilt for lenge sidan – sol og varme som det pleier vere, og Skjærgårdstreffet 2010 vert ei oppleving du seint vil gløyme.

Fredag 16. juli er borna sin store dag. På Øyra og i nærområdet vert det mange ulike sommaraktivitetar både på sjø og land. Laurdag 17. juli er hovudarenaen på sentrumskaia med aktivitetar og konkurransar for både små og store land- og sjøkrabbar. Søndag 18. juli er det klart for eit av fylkets største veterankøyretøyparade. Dette er ein populær parade med staselege køyretøy frå fjern og nær. Både laurdag og søndag vert det stands, oppvisningar og variert sceneunderhaldning med sang og musikk.

Set av helga og velkommen til fastbuande og tilreisande og opplev det yrande folkelivet på det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Her vert det liv og røre i tre dagar til ende.

PROGRAM:

Fredag:
11:00 – 19:30 Barnas sommaraktivitetar på Øyra.
*Påmelding mellom kl.09.30-10.30. Start kl. 11.00. Aktivitetskarusell for dei som er fødd 1998-2005.
Her vert det riding, padling/roing, orientering, fotball, kanonball, volleyball-leik og avslutting med den populære vannsklia.
Barn i alderen 5-7 år må ha med føresette. Pris: kr. 200,-/kr. 150 for påfølgjande søsken. Felles pause kl. 14.00-14.45. Kiosk.

22:00 – 02:00 Dans på Askvoll Sjøbuer med ”Vi3” og på Askvoll Fjordhotell ”Yankee”.

Laurdag:
11:00 Stands og aktivitetar på sentrumskaia.
Hoppeslott med sklie, helikopterturar, bruskassestabling, vannkanonball, flaskepost, lykkehjul, tipperebus, konkurransar, ansiktsmaling og mykje meir moro.
Konferansier: Terje Bjaanes.

Redningsselskapet stiller med Elias-båten og redningsskøyta Utvær.
Open båt på M/S Sjøglans.

12:00 ”To Vise Menn” v/ Ketil og Anthony.
12:30 ”By- vandring” i gamle Askvoll v/Arvid Follevåg.
13:00 Rap-artisten XZWER.
13:30 ”Mesterenes mester” for publikum frå scena.
14:00 Vegard Leite.
14:30 ”By-vandring” i gamle Askvoll v/Arvid Follevåg.
15:00 Sunday Morning.
20:00 Revyframsyning ”Vrakklinkers – på feil side av stakjen” i Askvoll Samfunnshus.

22:00 – 02:00 Dans på Askvoll Sjøbuer med ”To Vise Menn” og på Askvoll Fjordhotell ”Yankee”.

Sundag:
12:30 Stands og aktivitetar på sentrumskaia.
Elias-båten, hoppeslott med sklie, bruskassestabling, lykkehjul, ansiktsmaling, konkurransar med meir moro.
Konferansier: Terje Bjaanes.

13:00 Dansegruppa Prestige.
13:30 ”By-vandring” i gamle Askvoll v/ Arvid Follevåg.
13:30 Konkurransar for publikum frå scena.
13:45 Oppvisning v/Askvoll hundeklubb.
14:00 Veterankøyretøyparade.
Kortesje frå skulen til Sentrumskaia med premieutdeling.

Kostymefølgje av Holmedal Ungdomslag.
15:30 Song v/Hanne og Solveig
Konkurransar for publikum frå scena.
Hovudlotteri AHIL – trekning av m.a. feriereise til verdi av kr. 8000,-

Annonse

Nye bilder