Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 15. juni 2010). Les mer om roperten…

Miniputturnering på Sande

Mykje folk var samla på den flotte kunstgrasbana på Sande i går 13/6. Alle foto: G.Skaar

Nok ein gong var vèrgudane med oss på ei miniputturnering. Og på Sande i går kosa både voksne og ungar seg. Sjølv om det truleg vart meir baklengsmål enn mål i hin enden denne gongen, prella det av ungane som vatn på gåsa… Slik skal det sjølvsagt òg vere. Alvoret kjem alltid tidsnok – både i fotball som elles i livet.

Vedlagt nokre foto frå dagen.

Praten går – foreldre og unger er klare for dagen

Leik og moro på ferja

Planar må leggjast

Laukelandsfossen og flotte fjell frå Dalsfjorden. Vi ser Kringla, Blegja og Laukelandshesten.

Smekkfull ferja frå Eikenes til Dale

Vi samlast på bane 3 heilt vest

Andreas og Peter

Grønt i grønt på Sande

Celebert besøk frå Dale med ordføraren i spissen…

Jentelaget i farta

Andreas og Peter diskuterer baneforholda

Avspark mot eitt av Gaular-laga

Andreas kjøler seg ned

Og Bjørnar vil gjerne prøve det same

Peter må ha seg drikke

Og foreldre og tilskodarar kosar seg i sola

Det er ikkje berre fotball som er moro slike dagar…

Kommentarar

Desse lokalsonene på Origo er gode til slike lokale reportasjer. Inga lokalavis kan gjere dette med så god fotodekning. Og det er viktig for miljø og interesse i bygdene at dette blir gjort.
Det er også godt stoff for utflytte akskvollingar og studentar som bur andre stader. Slike glimt frå miljøet heime kan gje folk lyst til å flytte til kommunen.

Dette er også kjekt stoff for Gaular og andre nabokommunar som var med på Sande. Det gjev eit fint inntrykk av Askvoll og Holmedal IL, og av aktivitetar i bygdene her
Eg kjem til å legge inn ein link på Fjaler Origo.

Annonse

Nye bilder