| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 28. mai 2010). Les mer om roperten… Folkemøte -kommuneplanenKommunen skal utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen, og treng gode innspel frå alle innbyggjarane. Invitasjon til folkemøte torsdag 3. juni kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell. Meir om dette og planprogrammet finn du på kommunen sine heimesider Askvoll kommune skal lage samfunnsdelen av kommuneplanen. Tidlegare har kommunen utarbeidd eit planprogram, som seier kva tema ein skal sjå på, og korleis ein skal gjennomføre planarbeidet. No er det tid for å lage sjølve kommuneplanen. Kva vil vi med kommunen i framtida? Kva skal vi satse på? Tidspunktet er vald for at folk frå heile kommunen, òg øyane, skal kunne vere med. Det vert gratis skyssbåt ut til Værlandet/Bulandet etter møtet. På møtet vil alle velforeiningane i kommunen presentere utfordringar og framtidsønske dei har for bygda si. Kommunen vil ha ei kort innleiing med informasjon om kva ein kommuneplan er. Vi håpar innlegga frå velforeiningane vil få fart på tankane og idéane, slik at vi får ein god debatt med mange konstruktive innspel. | ||
Kommentarar
Gratis heimtransport skulle kansje vore sett opp til resten av kommunen òg, ikkje berre til ein stad?