| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 12. april 2010). Les mer om roperten… Snart kjem felåsa fram.Felås i Askvoll I Askvoll kommune som både har fastland med vegar og øyar utan vegar, var det spørsmål om å løyve pengar til ein felås på fastlandet. Kommunestyret delte seg på saka, og ein representant frå øyane hadde følgjande beiske replikk: - Eg vil ikkje vere med å løyve pengar til denne felåsen, men eg skal gjerne vere med å setje opp ein felås framfor døra til kommunehuset. | ||
Kommentarar
Ja desse felåsa kan vere noko herk å passere, for mange av desse låsa ligg ikkje i plan med ved vegbana.
Som regel ligg dei lågare enn vegen elles, og då vert det ein ekstra påkjenning for både demparar, styreledd og hjuloppheng.
Det skulle då ikkje vere så vanskeleg å legge ned ei ramme under felåsen for å få den i plan med vegbana.
Det er ikkje alle som synest at felås er noko herk å passere, sjå her
Vel-vel Kjell, dette kjem vel meir i kategorien for nytelse og kos, og ikkje om bilens ve og vell.
Ja, vi er ein gjeng som har racersykler og farter eindel rundt. Min erfaring er at dei kommunale veiene og og dto. ferister er dei som vi må stoppe for å gå over dei, ellers kan felgen ryke og det er ein kostnad på ein tusen lapp. Kansje det hadde gått bedre med automat gir Kjell.