Nytt bannerbilde neste vinter

Askvoll vil få eit nytt ansikt mot fjorden om ikkje lenge, for Askvoll kommune har lyst ut Riving av gamalt bustadhus på Øyra i Askvoll
Askvoll kommune ynskjer tilbod på riving av eit gamalt bustadhus som ligg ved friområde/badeplassen på Øyra ved Askvoll sentrum.

Frist for å komme med tilbod er 19.04.10.

Huset er truleg bygt på byrjinga av 1900-tallet. Det har ei grunnflate på ca 49 m2, kjellar, hovudetasje, loftsetasje og tørkeløft. Huset er oppført i “tømmer” med utvendig kledning, skifertak og pussa teglsteinsmur som grunnmur. Hus og grunnmur skal fjernast og byggegropa fyllast att. Det skal leggast eit toppdekke av jord som skal tilsåast. Området skal tilretteleggast slik at det vert lett å halde vedlike/slå.

Tilbodsgrunnlag og synfaring av rivingsobjektet får tilbydar ved å vende seg til Askvoll kommune, teknisk kontor. Komplett tilbod basert på tilbodsgrunnlag og synfaring av rivingsobjektet må vere Askvoll kommune i hende innan 19.04.2010

Vist 147 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

..at kommunen kan!! Tenk heller på å få satt det i stand! Ungdomslokaler etc. en liten sommerkafe, bibliotek! Nei, dette er ikkje bra!
frå elu

Billigere å bygge et nytt lite hus der enn å forsøke å redde det som står. Samtlige planker inkl. reisverk må nok byttes ut ved renovering uansett, fordi det er vann-, råte- og brannskade i huset slik det står nå.

Men når vi snakker om nytt profilbilde … Noen som har forslag til et vårlig bildet?

Annonse

Nye bilder