Turstiprosjekt i KystarvenNo skal det plukkast 20 turstiar i Askvoll kommune til fellesprosjektet i Kystarven i HAFS. Kommunen er avhengig av lokale lag og organisasjonar som vil ta ansvar for tilrettelegging og drift. Desse stiane vert med på regionalt turkart, i framtidig turbok og i generell marknadsføring av området. Er du interessert i å vere med på dette? Ta kontakt med ditt lokale idrettslag eller velforeininga om du har gode idear. Eksisterande stiar kan rustast opp, så det er ikkje snakk å rydde stiar frå botnen. Informasjon og planleggingsmøte på Askvoll Sjøbuer 3. mars. Sjå meir informasjon på kommunen sine heimesider: www.askvoll.kommune.no
Vist 191 gonger. Følgt av 2 personar. | ||