| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 16. oktober 2009). Les mer om roperten… JULEMARKNAD 28.NOVEMBERTradisjonen tru skipar Askvoll Husflids- og Handverkslag til julemarknad i Askvoll Samfunnshus den siste helga i november, altså den 28.11. Mange utstillarar pleier å ta turen til Askvoll denne laurdagen, og vi har hatt gleda av å vise fram mykje flott handverk. Vi vonar du vil setje av denne laurdagen til eit besøk på marknaden vår, anten for å handle unike julegåver, eller rett og slett for å ta ein pust i bakken og ein kaffitår i kafeen vår. Marknaden er open mellom 10.00 og 16.00. Ps: Kunne du, eller nokon du kjenner, tenkje seg å ha ein stand på marknaden? Ta kontakt med Henny for meir informasjon.
Vist 184 gonger. Følgt av 1 person. | ||