Hei Askvollingar!

Det er kjekt å sjå at fleire og fleire personar melder seg inn i sona vår for kvar dag som går, til tross for at eg ikkje har rota meg til å skrive eit einaste innlegg ein gong. Dette blir det første.

Velkomne skal de vere alle saman.
Har de tankar om kva vi kan bruke sona til, så er det berre å skrike ut. Sjølv ser eg nytteverdien i å spreie det glade bodskapen, fylle kalenderen med hendingar og ikkje minst galleriet med bilete. Me må jo vise fram den flotte kommunen vår!

Inviter gjerne også inn vener og familie, òg dei som ikkje er på Origo i dag. Tips dei gjerne om andre lokalsoner, som Stongfjorden eller Fjordaglimt berre for å nemne nokre få.

Kommentarar

Bra at Askvollsona er i gong, håpar mange hiv seg på med bilete og innlegg.

Hei. Med mange sommerferier på Atløy fikk jeg lyst til å være med i sonen. Men—lurer litt på om Atløyna er med – kan ikke se en eneste setning om Atløy i din beskrivelse av Askvoll kommune.
Atløynipa gir også et fantastisk utsyn over den vakre kysten.

Annonse

Nye bilder