Sogn og Fjordane Energiverk planlegg vidare kraftutbyggjingar i Skorvavassdraget. Søknaden er enno ikkje klar, men trulig omfattar “Fessene” utbyggjinga Grunnevatnet, Leknesvatna og Stordalsvatnet. Og 1-3 nye kraftstasjonar er tenkt bygt. Som vi veit er fjellområda på Askvollhalvøya frå før sterkt prega av utbygggjingar, og kommunen er storeksportør av kraft.
Korleis naturen, vatna og fjella vil sjå ut om SFE får det som dei vil, kan ein berre førestille seg. Men det krevst ikkje store fantasien til å skjøne det når ein ser korleis vatn, vegar, røyrgater, nedtappingar, erosjon og biologi ser ut frå før….
I denne strategiprosessen vil no SFE overta rettar i Øvre Fossedalen. Kva kjensler dette utløyser for spesielt Fjaler-folk er ein ting, kva konsekvensane blir ein annan. Iallefall er det stor fare for at mykje av dei vesle lommane av urøyrt vatn som ligg att kan bli teke frå oss og komande generasjonar i dragsuget etter meir kraft.
Det er å håpe at fleire som er glade i naturen rundt oss vil seie i frå at fleire nye utbyggjingar i dette området ikkje er akseptabelt. Denne oppmodinga går òg til dei styrande i Askvoll kommune. Nok er nok!
Kommentarar
Det som er positivt med slike utbyggingar er at områda vert meir tilgjengelege for alle. Dei som ikkje har fysikk og kne som ei geit er hindra frå å få store naturopplevingar anna enn på bilete. Eg synest ikkje at nokre få skal ha einerett på naturen. Utbygging av vasskraft er dessutan den mest mijøvenlege måten å skaffe energi på. Utbygging i dag vert utført mykje mindre synleg enn tidlegare. Eg skal ikkje fokusere på arbeidsplassar og nering, det har eg gjort før. Eit kraftanlegg kan leggast i fjell, det einaste som syner i dagen er dammen(ofte praktfulle byggverk) og ei utvida strandline ved nedtapping. Eit nedtappa vatn er ikkje det finaste synet, eg kan vere samd i det. Men fører eit nedtappa vatn til at eg kan kome meg til fjells, skal eg tole det samstundes som eg vender meg i motsett lei og nyt den gjenverande naturen som tilsynelatande er urørd. Det er forsvinnande lite som er urørd natur, sjølv om forfall av kulturlandskapet kan lure oss til å tru at det er urørd.