Av Hildegunn Boge
Rundt begynnelsen på 60talet vart det slik at skuleelevar frå Holmedal, Rivedal og Vårdal måtte reise til Dale for å få undervisning frå 7 klasse. I vår familie vart eg og Elisa dei første som fekk “glede” av den nyordninga.Om morgonane, eller mennanje, som dei gamle sa, var det å stille seg opp i ytste stoveglaset når fergebilane begynte å ”fare inn”. Og snart kom ein liten raud og kvit Volvo-buss rundt svingen med Nils Solheim bak rattet. Men alle kjente han berre som “Nils-n”.
Bussen hans hadde høgreratt og omtrent like mange sitteplassar som hestekrefter. På girstonga var ein raud knapp med «overgir», og på enkelte flate veistykke dobbeltkløtsja Nils-n og drog knotten opp. Men då skrangla og klirra det i heile bussen vist det ikkje var råd å svinge unna slagholene. Over frontrutene hang det skilt med “røyk ikkje her” og “uroa ikkje føraren”. Likevel hende det rett som det var at enkelte av gutane vart temmeleg bråkete innover Bogane og forbi Vollen. Der klamra den smale grusvegen seg fast til dei loddrette berghamrane med berre skrøpelege stabbesteinar mellom bussen og den brådjupe fjorden 40 meter lenger nede. Han var ein tålmodig mann Nils, men når han stadig oftare glytte opp i passasjerspegelen var det teikn på at begeret begynte å bli fullt. Og så inne med huset til Karen Liseth ein plass hadde han kanskje drege forargelsen i seg lenge nok. Han stogga bussen og både stemning og støynivå sokk dramatisk alt før han svinga sjåførstolen rundt og kremta illevarslande. Og når han så etter ein kunstpause kunngjorde med den skarane r-en sin:
“No må de roe dåke kara ellers får de gå resten”, var det absolutt det som hadde best effekt. Men hadde han dårleg tid berre såg han opp i spegelen og ropte bakover:
“Skal de av og gå!?” Men det var ikkje så skremmande. Rett nok dempa dei seg litt, men fekk likevel litt moro av det og kviskrande og flirande hermde dei litt.
Når Nils-n hadde manøvrert bussen med si dyrebare last inn til Eikenes måtte han snu inne på den tronge ferjekaia. I det han rygga bakhjula heilt ut på kaikanten kunne dei av oss som sat bakarst sjå rett ned i sjøen og skimte småfisken som stod rundt kaia. Så, når han hadde parkert drog han bak staget som opna døra og vi storma ut. Mens ferja, Vangsnes, vingla mot kaia steig Nils ut av bussen og skauv sjåførhuva si godt opp i panna før han gav seg til å stoppe pipa si.
Omsider hadde Mads Halsnes fått manøvrert den besynderlege farkosten sin inntil kaia. Vangsnes likna ein mellomting av eit mini hangarskip og eit bakstetrau, og var truleg omtrent slik å styre og. Når ein av dei vaksne busspassasjerane fekk sjå framtoningen med overbygget plassert heilt ute på eine sida utbraut han:
“Nei e ditta ferja, jammen ho e no so skeive!” Alle elevane kvitterte med å hyle av latter. Ferjebillettøren hoppa på land og sveiva ferjelemmen opp til passeleg høgde før han fjerna kjettingstengene. Når alle bilistane hadde fått lirka seg ut frå det tettpakka dekket og på land sprang vi ombord. Vi sette ned den smale, stupbratte trappa ned til salongen. Men midt i trappa var det ein avsats til høgre med plass for bagasje. Der samla det seg gjerne nokre av oss jentene og blei sitjande å kviskre knisande om gutane og om større eller mindre merkverdigheiter med passasjerar og mannskap. Men dei fleste samla seg i salongen der dei delte seg i grupper rundt dei fire borda med forskjellige aktivitetar.
På begge sider langs salongen var det plassert to lange benker vende mot kvarandre. Slik at dei vaksne passasjerane under den halvtime lange overfarten kunne fordrive tida med å stire kvarandre i senk frå kvar si side av den ellers nakne salongen. Nokon av dei andre elevane sat og halvsov, andre spelte kort eller terga kvarandre. Men mange sat og gjorde siste resten av leksene ferdige.
Når knirkinga i dekket over salongen hadde stilna av og Anglia-ane, folkevognene, Vauxhallane og Pv ane var dirigert på plass, var kvar einaste meter av bildekket utnytta. Då hadde Nils banka ut pipa si på bommen framfor ferjelemmen og drege skyggehua ned att i panna, jobben venta. Både buss og ferje forlet Eikenes.
Når Vangsnes hadde laga dei første svingane i kjølvatnet på sin vinglete ferd innover fjorden, kom Hellenes-en rundt og selde store kvite billettar frå eit brett han bar på. Seinare kom kanskje skipperen sjølv, Mads-en gjennom salongen på veg mot kontoret han hadde bak ei dør med “ikkje tilgjenge” skilt på. Han såg godt ut og vart gjerne kalla Svartepetter, men han hadde nok litt smalare auge enn teikneseriefiguren.
Blant gutane frå Holmedal som hadde humøret i orden var det ein som likte spesielt godt å halde spetakkel med mange av jentene. Han fór etter oss nede i den tronge salongen nett som ein røv i ein hønsegard. Og jentene hylte og skreik med eit temmeleg indiskree volum. Ein gang vart det reint for mykje for Mads-en. Plutseleg berre stod han der midt i blant dei, endå smalare i auga enn vanleg! Han gav seg til å messe ei skjennepreik. Når sinnet etterkvart gav seg runda han av omtrent slik:
Og du, du kan springe itte jentene når de e komne på land!
Jammen då ha-kjeg dei samla, svara guten snøgt med tilgjord møye i stemma. Svaret lokka fram mjukare drag sjølv i dei mest alvorsame vaksenfjesa.
Kommentarar
Dette var moro og lese ,.. det var eit godt minne frå skule vegen til Dale.
Vi frå Helle , var dei første som gjekk på bussen og hadde eit ekstra godt forhold til Nilse`n
Var vi forseine til bussen, kunne han stå fem minutta og vente på oss. Hjelpe vi han med posten eller ta av og på brød kassaene , vart han i ekstra godt humør.
Takk for kommentar og supplering, all ros vil bli videreformidlet til Hildegunn :-) 60 tallet var en fin tid, det er mange gode minner fra den tiden.